Opnar pop up-butikk

Elevane i første klasse på sal, service og reiseliv på Lundeneset VGS opnar Pop-up shop Loppis på Ølen Senter i dag. Målet er å lære om berekraftig butikkdrift i praksis.


– Dette er veldig lærerikt, og me får prøve oss på mange roller. Dette er eit skuleprosjekt som lærarane drog i gang, men me syns det er veldig spanande og håpar salet blir bra, fortel dagleg leiar Hanne Elise Vik, økonomiansvarleg Daniel Elias Fredly og marknadsføringsansvarleg David Nygård.

Variert butikk

I den nyopna pop up-butikken får du varer til heile familien, her er klede, bøker, leiker, og idrettsutstyr for å nemne noko. Elevane sjølv har planlagt, rigga og driv butikken som skal ha ope frå 10 - 14.30 kvar torsdag i tre veker, siste veka opnar dei også dørene på tysdagen. Varene har dei fått frå foreldre, bygdefolk, bedrifter og lærarar, og no er butikken proppfull av freistande produkt. I tillegg luktar lokala av vaffelsteiking, ballongane er oppe og tv-skjermane lokkar i vindauga med opningstider og anna informasjon.

– Det er jo litt skummelt og å opne butikk, men me satsar på at dette går bra, seier ungdommane som fortel at dei skal bruke det dei tener på butikken på noko sosialt med klassen.

Skapt engasjement

Lærar Mari Hetland Sunde blir skildra som ein sals-veteran av ungdommane og er saman med Kristine Vik Ekornrud drivarane bak butikkdrifta på Ølen Senter.

– På denne linja skal elevane innom fag som innovasjon, marknadsføring, kultur og samhandling samt forretningsdrift. Me ynskjer å få desse faga meir praktisk, og få elevane vekk frå skulebenken for å prøve næringslivet på skikkeleg. Ikkje minst står berekraftig utvikling også på læreplanen, difor var det naturleg at det var ein gjenbruksbutikk. Ungdommane har blant anna kutta ned på printa plakatar, og heller satsa på tv-skjermar med informasjon, for å gjere miljøbevisste val. Det er mykje som er annleis i praksis, enn berre i skulepensum, seier Mari Hetland Sunde.

– Me har jo til dømes lært dei å lage Facebook-annonser, men dei gjer det ikkje i praksis. Det var litt av tanken her at dei kan få prøve og sjå kva som fungerer i praksis. Då kom ideen om butikk opp, og Ølen Senter er flotte som har latt oss få lov til å drive her.

Ho håpar elevane får med seg gode erfaringar frå butikk-drifta og blir inspirert til å arbeide vidare innan fagfeltet. Ungdommane har eit år til på seg før dei må velje om dei ynskjer å ta påbygg og kanskje studere vidare, eller heller ynskjer å gå ut i læretid.

– Eg er veldig imponert over elevane, dei har verkeleg stått på og tatt dette på alvor. Prosjektet har skapt engasjement hjå dei, og det er verdifullt, fortel Hetland Sunde og viser til at alle elevane i klassen har fått sine roller i bedrifta.




Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden