Ka ska du bli når du blir stor?

 Det er vanskeleg å peila seg på framtidig yrke allereie i tiandeklasse. Helse og oppvekstfag, TIP og idrettsfag står på førsteplass hjå mange som vil søkja seg til Ølen VGS. 

Av: Kari Aakra,  Foto: Ellen Marie Hagevik 

Publisert: 08. februar 2017

140 tiandeklassingar frå Etne og Vindafjord stakk innom dei mange undervisningsromma på Ølen vgs i dag. Det var Open dag, og ein moglegheit for ungdomsskuleelevane å bli litt klokare på kva som venta blant dei mange studieretningane. 

Ut frå førebelse tal ser det ut som om søknadsmengda til dei fleste linjer er stabile som åra før, seier rektor ved Ølen VGS, Ruth Sæle. 

Likevel er det nokre linjer som står ekstra høgt i kurs når søknadane blir sendt. 

 - TIP og Helse- og oppvekstfag skil seg framleis litt ut med store søkjartal. Her har det vore stadig høgare søknad dei siste åra, seier Sæle, som reknar med ta imot om lag 350 elevar ved skulestart i august, mot 280 i dag. 

 - Me ser og fram til å ta i mot elevar på idrettslinja til hausten, ei studieretning eg ikkje trur det vil bli noko problem å fylla opp, seier Sæle. 

Og skal me tru tiandeklassingane Medvind24 snakka med, er idrettsfag allereie på topp hjå mange:


Teo Haraldseid Trovanelli (15) frå Etne

 - Eg vil bli eit eller anna der eg kan jobba på sjøen. Var nett inne og høyrde om helsefag, men det var ikkje særleg interessant. Eg satsar på at det blir TIP eller elektro til neste år. Det er den vegen eg bør gå for å komma meg vidare innan marine fag. 




Mohammad Al Hamdan (16) frå Etne

- Eg ser for meg å jobba med maskinar, gjerne innan oljebransjen. Det er der eg har intereressa mi, og eg satsar på å starta på TIP. 







Erlend Sørås Genberg (15) frå Bjoa 

- Veit ikkje heilt sikkert, men eit eller anna innan oljeindustrien, kanskje? Eg interesserer meg litt for fag som går i den retning, og sjølv om det er dårlege tider nå,  satsar eg på at det vil vera annleis når eg er ferdig utdanna. Me får håpa på betre tider! Eg trivest godt med praktiske fag, så eg satsar på elektronlinja i Ølen til neste år. 


Ole Jørgen Madsen 15 år frå Ølen 
- Gymlærar! Har lyst å arbeida med idrett og folk. Eigentleg hadde eg tenkt å gå vidare på elektro her i Ølen, men etter eg har vore på besøk her fristar det å starta på idrett i staden for. 




Jonas Andersen, 15 år frå Ølen 
 - Eg skal bli matematikar. Eg har alltid likt matte og satsar på å følgja den interessa mi med studiespesialisering her i Ølen til neste år. 

 



Marita Trovåg, 15 år frå Vikebygd 
- Eg trur eg vil bli lærar, gjerne i norsk, matte og engelsk. Eg likar godt teoretiske fag, men spelar også ein del fotball på fritida, så nett nå er eg usikker på om det blir studiespesialisering eller idrettsfag til neste år. 




 Lena Litlehamar, 15 år frå Vats 
- Eg har tenkt meg inn i Forsvaret, og har lyst å bli pilot. Trur det kan vera ei utdanning som både er interessant og med litt spenning. Til neste år satsar eg på anten idrettsfag, elektro eller helsefag. Men det er ekstremt vanskeleg å velja. Eg har mange interesser og trivst med dei fleste fag så det er ikkje lett å velja blant alle moglege studieretningar. 



May-Linn Berge, 15 år frå Ølensvåg
 - Eg vil bli politi. Det ser kjekt ut å passa på folk og bidra til at me har trygge omgjevnadar. Eg er usikker på kor eg skal gå på skule til neste år. Det er så mykje kjekt å velja i, og nett nå står det mellom mediefag på Lundeneset eller idrettsfag på Ølen vgs. 



Gustav Stople, 15 år frå Ølen

- Det står mellom politi, fysioterapeut eller lærar. Eg interesserer meg for fag som er relevante i alle dei yrka, og eg vil helst ha ein jobb her i nærleiken. Eg likar godt å trena, og kunne tenkt meg å hatt ein aktiv skulekvardag.  Så det blir det nok idrettsfag ved Ølen vidaregåande skule på meg. 



 Johannes Bastlien, 16 år frå Ølensvåg 
- Heismontør, kanskje? Eller noko med maskinar. Sidan eg var liten har eg fikla med alle slags småmaskiner og duppedittar, radiobilar og slike ting. Difor ser eg for meg at eg vil gå vidare på elektro, og gjerne på automasjon deretter. Men det er ikkje lett å bestemma seg. Me har så masse kjekt å velja i. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden