Gjer business av gutedraumen

Espen Gjendem og Jarle Lillemo hadde planane klare allereie i 7.klasse. Dei ville laga webapplikasjonar og utvikla programvare.

Caption / Bildeteks

Av Kari Aakra

Espen Gjendem (22) og Jarle Lillemo (21) flytta kontorplass og forretningsidè ut frå kjellarstova hjå foreldra og inn i Næringshagen i Ølensvåg. Og i januar 2014 såg Onesoft AS dagslys.

Dei har hatt planane klare sidan 7.klasse: draumen var å laga webapplikasjonar og utvikla programvare. Og frå eit rimeleg sparsomt innreidd kontor (enno), har ballen starta rulla.

- Nett nå har me eit lite prosjekt gåande for ei plattform i Nordsjøen. Og enno fleire kundemøte er på planen. Men me kan vel ikkje avsløra så mykje meir om det ratt enno, seier Gjendem, som er dagleg leiar i det nystarta selskapet, og som utanom eigen business arbeider offshore for Statoil.

Lillemo er på sitt siste år som maskinførarlærling og har tatt på seg stillinga som medeigar og produktkonsulent i Onesoft. Han har vyane klare.

Kor er Onesoft om ti år?

- Me er i Vågen. Me er berre endå fleire, smiler han.

- Moglegheitene er uendelege i det me har lyst å utvikla, og og me tar dette litt steg for steg. Men me er allereie klare for ekspansjon, seier han. Næringshagen sette startskotet for gutedraumen. Ikkje berre fekk dei etablera seg på eige kontor, vekk frå guterommet heime, men dei fekk også tilgang på eit fagleg nettverk innan same business. Det er nok av IT og systembedrifter å dela idear med i Medvinden.

I dag held 20 bedrifter til Vindafjord Næringshage. Her får gründerdraumane kome i live, og ein spelar på kontornaboen si erfaring frå eiga bedriftsutvikling. Og framleis er det plass til fleire.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden