Om press på toppen

Det kan blesa hardt på toppane, og gjerne motvind frå fleire kantar. Kommande samfunnsutviklar Anne Sofie Sandvik og leiarutviklar Geir Haraldseid gir NæringsGIV-publikum innblikk i ein toppstressa arbeidskvardag, frå eit leiarperspektiv 26. april.


- Leiarar er ikkje alltid flinkare til å takla press enn andre, men dei får oppleva meir av det og må kunna handtera det betre enn «oss andre».

Geir Haraldseid er ein av grunnleggjarane bak konsulentselskapet Human, og har arbeidd med leiarskap, utvikling og rekruttering av leiarar i meir enn 18 år. 

26. april gir han NæringsGIV-publikum eit par tankevekkjarar om presshandtering på leiarnivå. Kva skjer eigentleg med ein leiar under press? Kva er rette måten å handtera det på? Og kan ein eigentleg læra seg å bli god på press og stress? 

NæringsGiv 2018

- Veldig mange meiner dei «er best under press». Men det er ikkje naudsynleg slik kollegaer og tilsette oppfattar det. Me er alle forskjellige, og det er ulike mekanismane som slår inn i ein når ein er under sterkt press. Men dei som sit i leiarroller, får kjenna ekstra på dette og må også vera flinkare til å handtera det. I motsetning til «vanlege» tilsette, kan det få større følgjer dersom ein leiar trør feil i ein stressa situasjon, seier Haraldseid. 

I løpet av dei fire siste åra har han losa meir enn 50 Vindafjord-leiarar gjennom Human sitt leiarutviklingsprogram, og luftar naturleg nok nokre av sine eigne tankar om den typiske Vindafjord-sjefen under innlegget på Olalia - med eit aldri så lite skråblikk. 

- Ingen er like, men her på Indre Haugalandet er det mange familie- og gründerbedrifter. Og mange av dei har gått «leiarskulen» i eiga familieeigd bedrift. Sjølv om dei er forskjellige, er det likevel visse trekk som går igjen blant leiarane av slike bedrifter, seier han. 

Frå Haraldseid sin erfaringar i privat næringsliv, skal Anne Sofie Sandvik gje oss eit innblikk i den pressa arbeidskvardagen for mange offentleg tilsette. Som einingsleiar for areal og forvaltning i Vindafjord er ho kjend med å arbeida under press, og gjerne frå mange kantar samstundes. 

- I kommunen har me mange fleire aktørar å ta omsyn til. Me skal ta omsyn til kundane som søkjer oss om tiltak eller hjelp, men samstundes utløyser den eine kunden også eit behov for å ta omsyn til naboane hans, fag og retningslinjer, kommunale leiarar og politikarane, i tillegg til samfunnet for øvrig og kommunen sitt omdøme, seier Sandvik. 

Men krysspress er ikkje berre ei ulempe, trur Sandvik. 

- Dersom ein er bevisst på korleis ein skal handtera krysspress kan det minska problema og skapa gode prosessar i staden for. Eg trur det er nyttig å ta eit steg tilbake og prøva å sjå situasjonen frå fleire av aktørane sitt perspektiv. Dersom ein klarer det, kan krysspress også vera ei drivkraft for å tenkja nytt og oppnå endå betre løysingar, meiner Sandvik. 

Meir om NæringsGIV: 


@Render("ArticleList", CssClass: "infobox col-6 col-sm-6 col-md-3, col-lg-4 h-250", Tags: "naringsgiv_2018", Display: "image title", TitleIsLink: "yes", MaxCount: "30")

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden