Kafé-oppstart på timeplanen

Måndag 31. august opnar Ølen Idrettslag dørene til sin nye samlingsstad ved SR Bank Stadion. Elevane ved Lundeneset VGS si line for service og samferdsle tok utfordringa på strak arm då Leon Dyngeland i idrettslaget tok kontakt for å få hjelp til å klargjera kiosken i det nye klubbhuset. 

- Garderobane er alt tatt i bruk, og no står det berre att å skapa liv og atmosfære i kafélokala i andre høgda, fortel Dyngeland, leiar av fotballgruppa i idrettslaget.

Sjølve drifta av kafeen har idrettslaget utfordra medlemmene til å ta på dugnad, men for å koma i gong har dei kontakta elevane ved Lundeneset VGS for å få dei til å setja i saman eit godt utval varer, kalkulera prisar, laga salsutstilling og gjera lokala attraktive for brukarane. 

Andreårselevane, her representert ved Elida Hundhammer frå Ølen (t.v.), Sverre Åreskjold frå Ølensvåg, Natalie Knutsen frå Tau og Martin Stråbø frå Nærbø, har hatt ansvaret for utveljing av varer, sjekka innkjøpsprisar og marknadsføring av produkta. Leiar Leon Dyngeland i fotballgruppa er godt nøgd med arbeidet dei har gjort, og ser fram til at andre varer enn cola-flaska skal stillast ut på disken.

Logga smaken til elevane 

Og utfordringa kom raskt på timeplanen. 

 - Før me bestemte oss for kva varer me ville gå for, logga me smaken til medelevane våre ved å gjennomføra ei mini marknadsundersøking på skulen, fortel andreårselevane Elida Hundhammer frå Ølen, Sverre Åreskjold frå Ølensvåg, Natalie Knutsen frå Tau og Martin Stråbø frå Nærbø.

 - Ikkje uventa viste undersøkinga at søtsaker kom høgt på lista, men med føringane frå idrettslaget om at det òg skulle serverast sunne og gode produkt, kom me fram til ei liste med rundt 40 varer som me vil satsa på. Me har mellom anna tatt med sju ulike sortar drikke, rundt 20 vanlege kioskvarer, frukt og anna. På vekemenyen har me sett opp varer som pizza, baguettar og liknande. Me reknar med at alle skal finna noko dei likar, seier elevane, som meir enn gjerne tek nye oppgåver frå idrettslaget.  

Engasjerer to klassar 

Oppgåva passa svært så godt inn i opplegget  på skulen, og elevar på både på første og andre trinnet blei sett i sving med klargjeringa til opning på måndag, fortel lærer Kristine Vik Ekornrud.

 - Me fekk jo litt kort tid på oss, men syns det var ei spennande utfordring Leon gav oss halvanna veke før dei ville opna kiosken, seier Ekornrud. 

 - Første trinnet skal ta seg av priskalkulering, utforming av plakatar og prislister og legge planar for ein mest mogleg innbydande kafé når gjestene kjem. Andre trinnet har fått oppgåva med utveljing av varesortiment og sjølve marknadsføringa av produkta. Nokre føringar har me fått frå idrettslaget, som mellom anna at vareutvalet bør innehalda sunn og god mat. Samstundes veit me at einskilde varer berre må ein ha, anten dei er av det sunne slaget eller ikkje, seier Ekornrud. 

Nyttig for begge partar 

Ho er glad for, og ser alle praktiske oppgåver skulen kan få til elevane som nyttige, både i høve til undervisninga og det at elevane etter kvart skal starta sine eigne ungdomsbedrifter. - Etter at kiosken er komen i drift, så får me evaluera kor godt me kom ut av denne oppgåva, og både me og idrettslaget kan vurdera nye oppgåver saman, seier Ekornrud. 

 - Me har hatt god nytte av jobben elevane har gjort, og ser ikkje bort frå at me kan trenga hjelp frå dei ein annan gong og, seier Dyngeland og takkar for innsatsen. 

 I første omgang satsar han og idrettslaget på å drifta kafeen på dugnad, og at dei skal få to personar frå idrettslaget til å halda ope kvar kveld. 

 - Gledeleg mange er positive når me ringer og har alt sagt seg villige til å stå i kiosken. Målet er å få på plass så mange personar at ingen skal måtta stilla meir enn ein ettermiddag og kveld i månaden - om dei ikkje sjølve skulle ha ekstra lyst til å stå fleire kveldar, då. Går det som me vonar, så skal dette bli samlingsstad nummer ein i bygda for både unge og eldre, og då kan det jo vera kjekt å vera med meir enn ein kveld i månaden, seier Dyngeland.

Open kvar ettermiddag 

Komande måndag klokka 17:00 opnar dørene til kiosken som Dyngeland vonar skal bli den nye samlingsstaden i bygda. 

 - Målet er at kiosken skal haldast open kvar dag frå treningane startar klokka 17:00 til siste trening eller kamp er over rundt klokka 21:00, fortel han. 

- Me vil at kiosken skal verta ein sosial samlingsstad for foreldre og besteforeldre, medlemmer i alle aldrar, tilskodarar på kampane - det vera seg lokale eller tilreisande; kort sagt - for alle som ferdast på og rundt idrettsanlegget vårt. Etter kvart vonar me å kunna utvida tilbodet med visning av kampar på storskjerm og annan positiv aktivitet til glede for brukarane våre, seier Dyngeland. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden