Oda og Frida til «Teknologiuka for jenter»

NTNU inviterer 450 jenter frå heile landet til å bli betre kjent med teknologi- og realfagsstudiene. Oda Kambo Hersvik og Frida Hundhammar er to av deltakarane.


Oda Kambo Hersvik i 2STA og Frida Hundhammer i 3STB har kome med som deltakarar på «Teknologiuka for jenter». Arrangementet vil være frå 6. til 8. november på NTNU i Trondheim.

Utvalde jenter frå heile landet blir etter søknad inviterte av universitetet til å bli betre kjende med teknologi- og realfagsstudia. Dei må alle ha fysikk, matte R1 og matte R2 i programfaga sine. Karakterar har noko å seie.

Programmet består av presentasjonar, workshops og møte med studium og studentar. Hensikta er å informere om teknologistudia og kva spanande framtidsmoglegheiter dei gir.

- Eg trur og håpe at arrangementet vil være lærerikt og spennande. Eg håpe at eg finne meir ut om studiene og studentmiljøet ved NTNU, seier Frida.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden