Nye krefter på Christiansen Bakeri

Nesheimstunet tar over drifta på det historiske bakeriet i Ølen 1. mars. – Me gler oss til å vere med på utvikle bakeriet vidare, fortel Elisabeth Nesheim.


Då noverande dagleg leiar ved bakeriet sa opp stillinga si måtte eigar Magne Christiansen sjå seg om etter andre løysingar. Han tok kontakt med Elisabeth Nesheim på Nesheimstunet i Vats.

– Det var jo noko me ikkje hadde kome på sjølv, så det var veldig kjekt at han tok kontakt. No får me utnytte ressursane mykje betre, både i bakeriet og her hjå oss, fortel Elisabeth og viser til at det siste året har vore heilt spesielt for Nesheimstunet som i hovudsak baserer drifta si på bryllaup og store arrangement.

– Me har heldigvis ikkje permittert, men me har begynt med meir catering og produksjon av andre varer enn før.

No blir det Cathrine Hamre Tindeland, som i dag jobbar på Nesheimstunet, som i tillegg vil ta over dagleg ansvar på Christiansen Bakeri. I tillegg til dei faste bakerivarene, kjem også Nesheimstunet til å setje sitt preg på tilbodet i disken. Blant anna vil det truleg bli mogleg å kjøpe dei faste torsdagskomlene og gjerne suppe til lunsj.

– Her må me berre tenkje kreativt, me tar nok med oss både dessertane og kakene våre til bakeriet. Og så vil naturlegvis kundane få kjøpe klassikarane som bakeriet er så gode på, fortel Elisabeth.

Magne Christiansen eig no bakeriet åleine og er glad for at familiebedrifta hans er i trygge hender. Bakeriet blei starta av Olav Christiansen i Sjoargata i Ølen i 1935 og Magne sin bestefar, Torstein, tok over drifta i 1972. Frå 1998 til 2018 var bakeriet utleidd til Leirvik Dampbakeri, før Magne tok opp arven og starta opp igjen bakeridrifta i 2018. Då i moderne lokale som ikkje minst hadde fått ein av distriktets beste kaffemaskinar på plass.

– Me har eit populært tilbod i disken vår, og alt blir som før framover. Men det er veldig kjekt å få Nesheimstunet med på laget. Dei har allereie spanande tankar og idear og er veldig matinteresserte, dei veit og kva som trengs for å bygge opp eit godt produkt, seier Magne og viser til at Svetlana Hundseid som mange kjenner frå bakeriet er den som held hjula i gang no i overgangsfasen og sikkert og blir med vidare.

– Mange av kundane til Nesheimstunet vil jo og få eit betre tilbod når dei kan hente matvarer i Ølen, så marknaden blir desto større, meiner Magne og legg vekt på at synergieffektane blir store for begge bedriftene.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden