Byggjestart for fire nye gang- og sykkelvegar i 2018

I løpet av 2018 blir det tatt første gravetak for nye gang- og sykkelvegar på strekningane Trovåg - Håkull, Sandeid - Lærdal, Vikedal - Søndenåfeltet, og Espelandssvingane.


Flaskehalsane i Espelandssvingane skal bli ny gang- og sykkelveg, og erstattast  av 1,3 km ny Europaveg. 

- Det har vore eit stort fokus på alle desse strekningane i lang tid, og både kommune og innbyggjarar har pressa på, og planlegginga har tatt si tid. Men etter at me fekk bygd ny veg gjennom Skjold, har det lausna for desse prosjekta også, seier ordførar i vindafjord kommune, Ole Johan Vierdal. 

Byggjeplanarbeidet med alle fire strekningar tar til i år, og dermed vil det vera klart for første gravetak i løpet av 2018. 

Sandeid – Lærdal 

Mellom Sandeid og Lærdal skal det byggjast 1760 meter gang- og sykkelveg langs riksvegen frå kyrkja til avkøyrsla ved Sandeid fengsel. 

Frå kyrkja til aktivitetshuset blir det bygd ny gang og sykkelveg på begge sider av vegen, og avkøyrsla til aktivitetshuset blir oppgradert. 

Vidare mot fengselet skal gang- og sykkelvegen liggja på sørsida av vegen. Planen blir truleg vedteken for sommaren, dermed kan det bli byggjestart hausten 2018. 

 Prislapp på prosjektet: 40 millionar kroner. 

- Denne planen er eit ledd i prosjektet om samanhengande gang- og sykkelveg mellom Ølen og Sandeid, fortel planbestillar i Statens vegvesen, Elisabeth Danielsen. 

Hausten 2018 blir det etter planen byggjestart for ny gang- og sykkelveg frå kyrkja i Sandeid til avkøyrsla ved Sandeid fengsel. 

Trovåg - Håkull 

Allereie over nyttår kan det vera klart for byggjestart av ny gang- og sykkelveg mellom Trovåg og Håkull i Skjold. 

- Her har det vore eit godt påtrykk frå både naboar og kommune og nå er me klar til å starta byggjeplanlegginga, så snart så me får avgjort tilbodsfasen, fortel Damman. 

Det skal byggjast tre kilometer ny gang og sykkelveg i forlenginga av dagens fortau på Håkull til Trovågfeltet. 

Totalt vil prosjektet kosta 35 millionar kroner. 

Allereie over nyttår kan det bli byggjestart på tre kilometer gang- og sykkelveg mellom Håkull og Trovåg


Vikedal 

Ei omfattande bygging av miljøprioritert gjennomkøyring på riksveg 46 i Vikedal står også på planen i 2018. 

Frå sørsida av brua fram til Røde Kors-huset er det planlagt ei rekkje tiltak. 

Vikedal sentrum får eit solid løft med miljøgate, fleire oppheva kryss og gang- og sykkelveg. Bygginga tar til  truleg til hausten 2018.


- Planen er å byggja nye fortau på begge sider av vegen, og desse vil bli utforma med blant anna granittheller, belysning og planter. Nokre kryss i sentrum er litt «flytande» i dag, og desse vil bli stramma opp. I tillegg kjem me til å gjennomføra nokre fartsdempande tiltak, mellom anna ved oppheva kryss ved Holmen, Movegen og Røde kors-huset, fortel Danielsen. Som ein del av prosjektet blir også gang- og sykkelveg bygd heilt opp til krysset ved Søndenå-feltet. Totalt vil det bli 1,1 km nytt fortau/gang- og sykkelveg i Vikedal. 

- Dette område er prega av mykje tungtrafikk og mange mjuke trafikkantar, og det skal bli godt å få denne strekninga tryggare med både fartsdempande tiltak og trygge gang- og sykkelvegar, seier Danielsen. 

Prosjektet har ein prislapp på totalt 43 millionar kroner. Bygginga vil etter planen ta til seinhausten 2018, og ha ein byggjeperiode på halvanna år. 

- Me er i ein prosess med kommunen og grunneigarane nå, og håpar å komma i gang snarast, seier Danielsen. 

Frå sentrum blir det gang- og sykkelveg opp til Søndenå-feltet. 


Espelandssvingane

Frå Jans Hydraulikk til Frønsdal vil det bli bygd 1,3 km ny europaveg som skal erstatta dagens E134 på med ny veg. Den noverande europavegen skal deretter fungera som gang- og sykkelveg. 

- Me håpar at planen for Espelandssvingane blir behandla av Vindafjord kommune i sommar, slik at me kan ta til med byggeplanarbeidet snarast, seier prosjektleiar for plan i Haugalandspakken, Henry Damman. 

Bygginga vil ta om lag 2,5 år. 

Arbeidet med den nye vegen vil ta omlag 2,5 år.  - Me håpar å gå i gang med byggjeplanarebidet snarast, seier prosjektleiar for plan i Haugalandspakken, Henry Damman. 

- Vegen skal kryssa elva på to stader, og det er ein somme tidspunkt me ikkje vil ha høve til å arbeida i området med omsyn til vassdraget. Difor vil prosjektet dra noko ut i tid, fortel Damman. Prosjektet som har ein prislapp på mellom 80 og 90 millionar kroner, har vore under arbeid i lang tid, mellom anna i påvente av planane for Bakka-Solheim-trasèen. 

- Det er gjort mykje arbeid for at prosjektplanane skal stå i samsvar med midlane me har hatt tilgjengelege til dette i Haugalandspakken, og det har me klart å få til nå. I tillegg har me også venta på avklaringa for kor den nye trasèen E134 Bakka-Solheim skal gå. Den nye vegen som skal erstatta E134 Espelandssvingane blir nå lagt slik at det blir ein del av Bakka-Solheim den gong det prosjektet kjem, seier Damman. 

Illustrasjonar frå Statens Vegvesen for nye E134 Espelandssvingane:

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden