Ny sjef i AdmMit

Jon Nielsen er tilsett som ny dagleg leiar i AdmMit. Han kjem frå stillinga som rektor ved Enge skule i Etne.


Nielsen har 15 år bak seg som lærar, inspektør eller rektor, blant anna ved Rygg og Enge skule. No tar han over leiarjobben i systemutviklingsbedrifta AdmMit som utviklar digitale system for å forenkle mange prosessar i næringslivet. 

- Eg trivst veldig godt i skulen, men no var det tid for å prøve noko nytt. AdmMit er ei bedrift eg har fylgt med ei stund, eg likar at dei satsar og utviklar spanande produkt. Dette gler eg meg til å vere med på vidare, seier Nielsen om bedrifta som held til i Sandeid.

- Det blir spanande å sjå kva eg kan bidra med inn i firmaet, eg har iallfall lang erfaring i å jobbe med folk og er god på nettverksbygging. Eg har stort kontaktnett over heile landet og meiner sjølv at sal og marknadsføring er jobbar som passar meg godt. Marknaden til AdmMit er jo stor, her treng absolutt ikkje kundane vere lokale, slår Nielsen fast. 

Rune Furseth er både eigar og styreleiar i AdmMit der Andreas Reinholdt er dagleg leiar no. 

 Fleire tilsette

- Me har vore og er i ein vekstprosess, og har framleis store ambisjonar om å vekse framover. Det gjeld ikkje berre omsetnad, men også i talet på tilsette, i dag er me seks tilsette, men me har som mål å auke det til 10 i løpet av 2021. Det er viktig å generere lokale arbeidsplassar framover, og her trur me Jon Nilesen vil spele ei positiv rolle i å løfte bedrifta opp, fortel dagleg leiar, Andreas Reinholdt.

- Me var midt inne i ein strategiprosess då Jon Nielsen dukka opp, me meiner han er rett mann til å ta denne stafettpinnen vidare og sikre vidare vekst, seier Reinholdt som sjølv også blir med vidare i bedrifta, men då utan rolla som dagleg leiar.  

Stabilt år

Salsmessig var våren med korona og nedstenging utfordrande, men investeringsvilja betra seg utover seinsommaren og hausten.

- Vi opplever at fleirtalet av eksisterande kundar i transport- og entreprenørbransjen har hatt minst like mykje jobb som tidlegare, det har heilt klart gjort 2020 enklare for oss. I denne perioden har det også vist seg ekstra viktig med gode digitale system slik at ein slepp å treffast så mykje fysisk, meiner Reinholdt.

AdmMit tilbyr digitale system som sikrar at manuelle oppgåver i kvardagen blir erstatta med tekniske løysingar, blant anna innan timeføring, materiellkontroll - og oversikt, HMSK-system og fakturering. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden