Nå kan du søka om SØK-midlar

Også i 2018 vil SØK gi støtte til forsamlingshus, barne- og ungdomsarbeid, og friviljuge lag og organisasjonar. Send inn søknad via sok.no innan 15.oktober!

Skånevik Ølen Kraftlag (SØK) har tradisjonelt fordelt deler av overskotet sitt som støtte til ei rekkje lokale utviklingstiltak, grendelag, organisasjonar og forsamlingshus. Som følgje av fusjonen med Haugaland Kraft sit SØK AS nå med ein aksjepost på 4,2 prosent i Haugaland Kraft. 

SØK og Medvind24 Næringshage

  • Medvind24 Næringshage utfører nå sekretariatsfunksjonen for SØK AS 
  • Søknadar og informasjon om støtteordninga finn på på SØK sine nettsider
  •  Følg også SØK på Facebook!

Deler av utbytet frå denne eigarposten vil kunna sikra vidareføring av SØK-støtte til mange lokale, ålmennyttige føremål og bygdeutviklingstiltak i SØK sitt tidlegare konsesjonsområde; Skånevik, Åkrafjorden, Ølen, Ølensvåg, Bjoa og Vikebygd. 

- Me forventar om lag fem millionar kroner i årleg utbyte. Som ein del av omdanninga blei det vedtektsfesta at SØK kan nytta ein del av desse inntektene til samfunnsnyttige tiltak og bygdeutvikling. Difor vil me bruka ein del pengar på å leggja til rette for god aktivitet hjå lag, organisasjonar og forsamlinghus. Ein annan pott kan disponerast som årleg støtte til bygde- og grendelag som del av SØK sitt bygde- og næringsutviklingsarbeid, seier styreleiar i SØK, Gunnar Dalen. 

SØK

  • SØK AS fusjonerte med Haugaland Kraft 1.9.2017 
  • SØK AS eig nå 4,2 % av Haugaland Kraft 
  • Inntektene til SØK er i hovudsak aksjeutbyte frå Haugaland Kraft AS 
  • SØK har vedteke følgjande retningslinjer for ressursbruk: Inntil 25 % til skatt og eigenkapital Inntil 10 % til drift av selskapet 
    • Inntil 20 % til aksjeutbyte 
    • Inntil 30 % til bygde- og næringsutvikling 
    • Inntil 15 % til ålmennyttige føremål

Inntil 30 prosent av aksjeutbytet frå Haugaland Kraft kan gå til bygde- og næringsutviklingstiltak, der støtte til utbygging av fiber vil stå for ein stor andel. I tillegg vil bygde- og grendelag få ein årleg sum for å driva bygdeutvikling lokalt. Inntil 15 prosent kan gå til såkalla ålmennyttige føremål, som omfattar lag, organisasjonar, anlegg og forsamlingshus. 

- Dersom me tar utgangpunkt i fem millionar kroner i utbyte, kan dette utgjera inntil 750 000 kroner til ålmennyttige føremål og minst like mykje til grende- og bygdelag. I tillegg vil alle lag eller organisasjonar som har aksjar i SØK, få aksjeutbytte på lik linje med privateigarar og bedrifter, seier Dalen. 

SØK ønskjer å koma nærare på støttemottakarane og vil følgja midlane endå tettare i tida som kjem. 

- Me vil veta kva pengane blir brukt til, og ønskjer å ha meir direkte kontakt med grendelag, organisasjonar og forsamlingshus, for å få betre kjennskap til kva prosjekt og arbeid me støttar. Det vil difor bli eit krav om at alle som får tildelt SØK-midlar rapporterer inn om aktivitet i laga, rekneskap, medlemstal og korleis dei har nytta og marknadsført støtta frå SØK, seier Dalen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden