Mykje nedgang viser ferske rekneskapstal

Tveit Regnskap har nok ein gong tatt temperaturen på næringslivet i Nord-Rogaland og Sunnhordaland. Tala visar at det i dei fleste bransjane har ein negativ utvikling i mars og april.


Normalt sett ville næringsbarometeret publisert i juni vore for 1. tertial, altså januar til april, men grunna koronasituasjonen vart det endra til berre å sjå på mars til april. Dette for å få ei tydlegare forståing rundt effekten av nedstigningas første fase. 

Generell nedgang

Dersom ein ser på alle bransjane generelt for mars og april ser ein at det er kraftige fall i inntekter og det er fleire som har svekka resultat. Tala viser at nesten to av tre små bedrifter hadde fall i inntekter mot same månadar i 2019 og at det er stor variasjon mellom bransjane. 

Både når ein ser på varehandel, industri, overnatting, servering og tjenesteytande ser ein at det har vært nedgåande resultat. 

- I varehandel har det vært dramatisk inntektssvikt. Heile 32 av 39 bedrifter har redusert inntektene. I snitt falt inntektektene med 25 prosent, som er ein dramatisk, men ikkje uventa fasit, står det i rapporten frå næringsbarometeret til Tveit Regnskap. 

I industri er det også negativ utvikling både på inntekts- og resultatsida totalt sett. Dei større industibedriftene i utvalet gjer det bra, medan mange av dei mindre opplev nedgang i omsetnad. Det same gjeld i overnatting og serveringsbransjen der nedstenging og koronatiltak har ført til inntektssvikt for dei aller fleste bedriftene i denne kategorien. 

- I tenesteytande bedrifter gjer dei større bedriftene det rimeleg bra, men dei små slit meir, forklarer Tveit Regnskap og påpeiker at frisørar, terapeutar og liknande type velværebedrifter som måtte stenge under koronatida ikkje er ein del av denne bransjekategorien. 

Bra for bygg og anlegg

Sjølv om det er mange som slit og har hatt negative resultat, har det ikkje gått like dårleg med alle bransjar. Bygge- og anleggsverksemdene er den einaste bransjen i utvalet som ikkje har negative resultat. 

- Bygge- og anleggsverksemdene ser ikkje ut til å vere særleg koronaprega i første runde. Nærast tvert imot. God inntektsutvikling og det er fleire som styrkar resultata, opplyser Tveit Regnskap i sitt næringsbarometer og legg til at resultata blir vanlegvis normaliserte ved årsslutt i denne bransjen. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden