Medvind24 søkjer ny sjef

Som dagleg leiar i Medvind24 Næringshage får du legge til rette for næringsutvikling, nettverksbygging og profilering av lokalt næringsliv. No er jobben ledig.

Merete Vårvik Matre kan sjå tilbake på fire spanande år i leiarstolen i Medvind24 Næringshage. År med bratt læringskurve, samansette kvardagar og nok utfordringar å ta tak i.

Interessert i stillinga? 

- Det har vore ei formidabel reise og utruleg innhaldsrikt. Dette er ei samansett stilling der ein må forhalde seg til mange aktørar, slår Vårvik Matre fast.

Også styreleiar Terje Aarekol legg vekt på at stillinga både er kompleks og interessant.

- Me ynskjer ein leiar som brenn for det breie og interessante næringslivet som finst i regionen, og ynskjer å vere med på å bygge dette vidare. Merete har lagt ned ein kjempejobb, så veldig mykje er på plass. No kan arvtakaren få forme mykje av jobben sin sjølv.

- Dette er ein kjempesjanse, til både å bli betre kjent med det lokale næringslivet, og bidra til å utvikle næringshagen i ein god retning, meiner Aarekol. Søknadsfristen for jobben er 15.september, og ein håpar å ha ny leiar på plass i løpet av oktober.


Næringshageprogrammet

Medvind24 arbeider med å skape vekst i både nytt og eksisterande næringsliv, og er ein del av det nasjonale Næringshageprogrammet som blir administrert av Selskapet for industrivekst (SIVA) og fylkeskommunane. Næringshageprogrammet skal bidra til å utvikle attraktive bedrifter og kompetansearbeidsplassar i heile landet, men fortrinnsvis i distrikta. Gjennom dette programmet er det sett av offentlege midlar som skal brukast til å arbeide med vekst og utvikling i lokale bedrifter, dei som blir tatt opp i programmet blir målbedrifter i næringshagen og får tett oppfølging og rådgjeving. 43 bedrifter er tilknytt Næringshageprogrammet via Medvind24. SIVA gjennomfører ei årleg kartlegging som viser resultat frå næringshageprogrammet, evalueringa våren 2020 viste gode resultat.

- Me fekk skryt for samlokaliseringa vår, og for å vere tilgjengelege og attraktive som samarbeidspartnar. Me skåra betre enn nokon gong på denne evalueringa, då er det og litt kjekkare å gi leiarjobben vidare, meiner Merete Vårvik Matre.

Kompleks jobb

I tillegg gir Medvind24 blant anna gratis etablerrettleiing til alle gründerar i Vindafjord og Etne på vegne av kommunane, samt at dei tilbyr kontorlokale i attraktive næringsmiljø både i Sandeid, Ølensvåg og Etne. Medvind24 tilbyr også kurs, arenaer for nettverksbygging og profilering av næringslivet via nettportalen Medvind24.no.

- Jobben som dagleg leiar er kompleks, her er mange varierte oppgåver, eg hadde iallfall ikkje eit klårt bilete av kva oppgåver som inngjekk i jobben då eg overtok. Men det er viktig at ein ny dagleg leiar også får rigge dette på sin måte, og finne sin måte å bygge dette vidare på, meiner Vårvik Matre.

Sjølv meiner ho bakgrunnen innan kommunikasjon har vore viktig for å skape gode resultat i jobben, og meiner sjølv ho får energi av menneskemøta ute i bedriftene.

- Noko av det kjekkaste med denne jobben er å oppnå tillit ute i bedriftene, mange av dei tar kontakt med oss og ynskjer rådgjeving eller konkret hjelp i mange fasar. Det er veldig stas når me blir sett på som ein ressurs, og kan vere med på å bidra, seier ho.

- Kommunikasjonsbakgrunnen min blei viktigare enn eg hadde trudd, kanskje spesielt sidan mange av bedriftene har dei same utfordringane, som ofte er knytt til sal, rekruttering og marknadsføring, meiner Vårvik Matre som blant anna har erfaring frå marknadsføring og marknadssjef i NorEngros. Samstundes meiner ho det kan vere nyttig at arvtakaren gjerne er god på andre fagfelt.

Mange høgdepunkt

Merete Vårvik Matre meiner jobben som dagleg leiar i Medvind24 er ein jobb både som maur og dronning.

- Det syns eg er eit godt bilete på arbeidskvardagen. Her kokar du kaffi og skriv møtereferat, samstundes som du får jobbe overordna og legge dei lange linjene, både for bedriftene og organisasjonen. Ho får ikkje skrytt nok av dei to kollegane, forretningsutviklarane Morten Helland og Arne Gunnar Habbestad.

- Desse to har ein fantastisk gjennomføringsevne, og har enormt mykje erfaring og kompetanse som bedriftene treng, seier Vårvik Matre.

Høgdepunktlista frå jobben er lang, blant nokre av dei største finn ho Kvinneveka som blei arrangert i samarbeid med Vindafjord Bibliotek og Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF).

- Det var noko som engasjerte samfunnsmessig, me laga arrangement blant anna for å få fleire jenter teknologi-interessert, og me tok tak i fakta og tal rundt kvinner i leiande roller i regionen, fortel ho og dreg også fram arrangement som næringskonferansen Næringsgiv, og bedriftskonkurransen Ei Heiso Reis der Åkrafjorden Oppleving er ein sentral samarbeidspartnar. Ho trekk også fram den utvida forankringa til Medvind24, både i Vindafjord og Etne, som eit høgdepunkt. Til dømes meiner ho Sandeid Eiendom har løfta Medvind opp og fram gjennom sitt kontortilbod. Nokre arbeidsdagar har også markert seg særskilt.

- Dagen me fekk besøk frå dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen var og ein spesiell dag. Me hadde lagt opp eit kjempeløp med bedriftsbesøk og båttur på fjorden. Pulsklokka mi viste 100 i puls då eg sto og venta på ministeren, det er noko ein får kick av, seier Vårvik Matre og ler.  

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden