Med fagleg tyngde og godt humør

Dei seks på Tveit Regnskap sitt kontor i Landbrukets Hus i Ølen, bistår 200 kundar med alt frå ei enkel sjølvmelding til omfattande rekneskapar. No er dei inne i den travlaste tida på året.

Brorparten av kundane er bønder, men her finn ein også snekkerar, blikkenslagar, blomsterhandlar, frisør, dyrlege og gatekjøkken for å nemna nokre andre yrker. Kontoret har flest kundar i Vindafjord, men også i Sveio, Haugesund, Tysvær og Ryfylke. 

Dei seks på Ølen-kontoret til Tveit er spesialistar på landbruk, og fem av seks driv gard sjølv. 

- Skal du føra ein landbruksrekneskap er det en fordel å veta kva som står på bilaga for å få dei på rett plass. Og som bønder har vi ein fordel med at vi kan diskutera rekneskapen skikkeleg med kunden sidan vi har kunnskap om drift også, seier rekneskapskonsulent Alf Egil Vaula. 

No er det den travlaste tida på året for dei som held orden på og kontrollerer andre sine tal. Fram til 31. mai dreier det mest seg om årsoppgjer. Med alle seks i fullt arbeid, blir det kamp om dei fem kontora, så Vaula vil vera ein del på kontoret Tveit har i Medvind24 Næringshage. 

To yrke som passar saman

Kort om Tveit Regnskap

  • Tveit Regnskap Tveit Regnskap har i dag 181 tilsette, og 87 er autoriserte rekneskapsførarar/rådgjevarar. Tveit har  ca. 1700 jordbrukskundar og 2700 små og store bedriftskundar.
  • Blant de tilsette finner ein autoriserte rekneskapsskapsførarar, siviløkonomar, sivilagronomar, diplomøkonomar, statsautoriserte revisorar, nyskapingskandidatar, takstmenn og tilsette med kompetanse innan personal og administrasjon. 
  • Avdelingskontoret i Ølen har seks tilsette fordelt på ca. 4,5 årsverk. Dei er Harald Selsaas, rekneskapsskonsulent, rådgjevar landbruk (altmuligmann og orakel, ifølgje kollegane), Geir Kenneth Rødne, autorisert rekneskapsførar/rådgjevar landbruk og bedrift,  Alf Egil Vaula, rekneskapskonsulent, Ingrid Haugen, rekneskapssekretær, Henrik Nerheim, rekneskapskonsulent/rådgievar landbruk og sertifisert takstmann NTF, Reidar Berge, rekneskapssekretær.
  • Hovudkontoret ligg i Skjold, og avdelingskontor finner du forutan i Ølen på Fitjar, Stord, Haugesund, Karmøy, Frakkagjerd, Etne, Rosendal, Husnes, Bømlo, Sauda, Sand, Odda, Bergen, Stavanger og Fusa. 
  • Tveit Regnskap hadde i 2016 ein omsetnad på 143 millionar kroner.

- Å driva med rekneskap passar veldig godt i lag med å vera bonde. Når vi kjem til sommaren, blir det rolig på kontoret, og då har vi mykje å gjera heime på garden, seier Vaula. 

Han jobbar deltid på lik linje med tre av dei andre, og til saman utgjer dei seks stillingane rundt 4,5 årsverk. Mengden arbeid varierer frå kunde til kunde. Frå hjelp til ei sjølvmelding til kring eit kvart årsverk for den største kunden. Blant kundane er det berre fem som fører rekneskapen sjølv. 

- Det er blitt så komplisert i dag at dei aller fleste vel å nytta fagfolk. Dessutan lagar vi ein analyse av rekneskapen som fortel noko om dei enkelte produksjonane og korleis det går for dei. Det er nyttig både for å sjå kva som har blitt gjort og kva som må gjerast, seier Vaula. 

Arbeidskvardagen blir endra 

Digitalisering er på full fart inn, og det endrar også arbeidskvardagen til rekneskapsfolket. 

- Digitalisering har vore her en del år, men det tar litt tid å få sett i gang alt. Om fem år har vi nok ikkje permar lengre. Allereie nå er det mange kundar vi ikkje har eit fysisk papir på, seier rekneskapsførar og rådgjevar Geir Kenneth Rødne. 

Vaula forklarar endringane med eit eksempel: Sei at Felleskjøpet sender ei rekning til bonden. Nå kjem den på papir, men i nær framtid blir det sendt som ei digital fil som blir punsja automatisk rett inn i rekneskapen på rett konto. 

- Når rekneskapane blir meir digitalisert og automatisert, vil det på sikt bli trong for færre rekneskapsførarar. Ei maskin er no ei maskin, og controller-oppgåvene der ein ser over rekneskapane vil det alltid vera trong for. Men det er allereie i gang ei omstilling med meir fokus på rådgjeving, seier Rødne. 

Gjer som Pippi 

Mindre punsjing av tal, vil altså ikkje føra til mindre kontakt med kundane. Kanskje tvert imot når det blir meir rådgjeving. 

- Kundekontakt er viktig for oss, og vi kjem veldig nær kundane våre. Det er noko av det som gjer jobben interessant, seier Vaula. 

Andre ting er at få dagar er like. 

- Det skjer ofte at det dukkar opp eit eller anna som du ikkje har vore borti før og må undersøkja litt. Kva er det Pippi seier? Dette har eg ikkje gjort før, så det får eg sikkert til. Eller vi kan ta ein telefon til ein av dei mange dyktige kollegaene i Tveit Regnskap for å få svar, seier Rødne. 

Godt arbeidsmiljø og mykje latter 

- Og så er kontoret vårt litt spesielt. Det blir meir og meir kvinner i bransjen. Det er faktisk fleire kvinner enn menn nå, men her har vi berre Ingrid (Haugen). Så dette er mannfolkavdelinga i Tveit, seier Vaula, medan resten bryt ut i latter. 

Godt arbeidsmiljø og mykje latter er også ein viktig del av kvardagen. Tveit-gjengen slår hol på myten om at revisorar og rekneskapsførarar er kjedelege, og dei held bedriftsmottoet høgt: Fagleg tyngde og godt humør. Det einaste dei kan vedgå er at det innimellom blir litt intern rekneskapshumor. 

Kort om landbruket i Vindafjord

  • Vindafjord kommune er ein av dei største husdyrkommunane i landet og ein av dei to største skogbrukskommunane i Rogaland. 
  • Heile 36,3 prosent, eller 217.611 dekar, av landarealet på 621 kvadratkilometer er produktivt skogareal. 
  • 43.574 dekar (7,3 prosent) av landarealet er dyrka jord, 2189 dekar (4 prosent) er overflatedyrka jord og 36.145 dekar (6,0 prosent) er gjødsla beite. 
  • I jordbruket er mjølk og kjøttproduksjon dominerande, og på det meste av landarealet blir det dyrka grovfôr.


Landbrukets Hus i Ølen

I fleire saker vil Medvind24 presentera kva dette allsidige kontorfelles-skapet kan tilby av tenester

  • 11. september 2006 opna landbruks- og matminister Terje Riis- Johansen Landbrukets Hus i Ølen. 
  • Tine, Vestskog, Tveit regnskap, Vindafjord Avløysarlag, Haugaland Landbruksrådgjeving og eit prosjektleiarkontor kunne då offisielt ta i bruk kontorfellesskapet i 2. etasje i Ølen Senter. 
  • Alle verksemdene som var med frå starten er framleis med 11 år etter, men nokre av dei har skifta namn. Blant andre Haugaland Landbruksrådgjeving som no heiter Rogaland Landbruksrådgjeving.
  • Første sak i serien: Gjev råd til bøndene på Haugalandet

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden