Har du signert matmanifestet?

Til nå har meir enn 120 matengasjerte organisasjonar og føretak signert Matmanifestet for Rogaland for å styrka lokal matvareproduksjon i fylket.

Denne gjengen var nokre av dei som signerte matmanifestet under Tomatfestivalen på Finnøy i sommar: Tomarit ved Marit Meltveit Vignes, bærdyrkar Jon Asgaut Flesjå, Finnøy kommune ved ordførar Henrik Halleland, Utsyn Misjonssenter ved Sissel Marie Bjerga, Ryfylke Næringshage ved Heidi Skifjell og Ryfylke Livsgnist ved Tor Øyvind Skeiseid. Foto: Halvard Bøe   

Manifestet er ei «erklæring» med ti punkt som skal bidra til å styrka lokalprodusert mat og drikke i Rogaland. 

- Eg signerte Matmanifestet fordi me trur på kortreiste produkt og lokale produsentar, og fordi me vel å bruka varer frå dei. Anten direkte eller gjennom Gilde, Prior og Tine som bondeeigde samvirke. Ved å servera lokalprodusert mat får me også ei historie å fortelja gjestene våre, denne historia bidrar til å marknadsføra produsentane og dermed gi dei eit løft, seier Elisabeth Nesheim ved Nesheimstunet, ei av dei som første som signerte manifestet under lanseringa på Gladmaten i sommar.

Og ho er i godt lag om å støtta opp om lokalprodusert mat i Rogaland. 

-  Me trur på lokale produsentar og vel å bruka dei. I eit bryllup nå i helga serverte me rettar laga av varer produserte i regionen; eplemost frå Grønvik, tomater frå Skjold, gulrøter frå Karmøy, egg og bringebær frå Vats, laks frå Etne, flatbrød frå Imsland, geitost frå øvre vats og lam frå Rogaland, fortel  Elisabeth Nesheim som signerte manifestet  i sommar. 

Blant dei som har signert er ei rekkje andre bedrifter, politiske parti, kommunar, næringsforeningar, matvarebutikkar, gartnarar og bønder. Gladmaten, Skretting, Ryfylkekokk Frode Selvaag, Felleskjøpet Rogaland Agder, Nordic Choice Hotels og Kronengruppen, for å nemna nokre. 

Målgruppa er med andre ord svært brei. Alle verksemder og organisasjonar, frå alle delar av næringskjeden, med interesse for lokal mat og drikke i Rogaland kan signera, seier Siv Støfringstøl, ein av initiativtakarane bak manifestet. 

- Matmanifestet skal bidra til å styrka og vidareutvikla matproduksjon og matkultur frå regionen vår. Me vil bidra til at aktørar i heile næringskjeda, frå produsent til forbrukarar, blir stolte og meir medvitne på lokale matproduksjonen. Manifestet skal også styrka omdømme av lokalmat særleg retta mot sluttbrukaren, og bidra til samarbeid og motivasjon hjå produsentane. Me vil framsnakka, vera rause og inkluderande, og visa at me som leiande matregion har evne til å samarbeida for å felles mål, seier Støfringstøl. 

Blant dei første som sette sitt namn på manifestet var fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal. 

– Rogaland er det viktigaste jordbruksfylket i Noreg og ein sentral region for å nå nasjonale mål om økt matproduksjon. Gjennom matmanifestet løftar me fram og stadfestar verdien av lokal matproduksjon, norske råvarer og ikkje minst matkultur, seier Tengesdal.





Dette er regionalt Matmanifest for Rogaland


Initiativtakarar til manifestet er

Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Stavanger Ysteri, Greater Stavanger, Ryfylkekokken, Stavanger Sentrum, Kronengruppen, Siv Støfringstøl AS, RegionStavanger, Rogaland Bondelag, NHO Reiseliv, Gladmat, Næringsforeningen i Stavangerregionen, Ostehuset IpaxMat og Klostergarden

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden