Maskinentreprenør i utvikling

Maskinkøyring går i arv i familiebedrifta Ottar Skjold AS, og bedrifta har opplevd stor vekst dei siste åra. No kan også dagleg leiar Håvard Skjold (37) vise til at arbeidsdagen er blitt digitalisert.


Håvard Skjold vaks opp med familiebedrifta, tok fagbrev  som maskinkøyrar og  teknisk fagskule. EHan starta i familiebedrifta som lærling i 1999 har han ikkje vurdert andre arbeidsplassar sidan. Foto: Kari Aakra


Håvard Skjold var ikkje gamle guten då han første gong vart med far på jobb i familiebedrifta, maskinentreprenøren Ottar Skjold AS. Seinare vart det læretid i selskapet, og i 2012 tok han over den daglege drifta. 

- Eg er jo fødd inn i dette, og har alltid interessert meg for maskinkøyring. Sjølv om eg har to eldre brør, så blei det eg som tok opp arven og skal føre dette vidare, seier han. 

Sjølv tok han fagbrev som maskinkøyrar, før det vart teknisk fagskule. Etter at han starta i familiebedrifta som lærling i 1999 har han ikkje vurdert andre arbeidsplassar. 

Viktig med nettverk

Ottar Skjold AS har ei lang historie, bedrifta starta opp i 1974 og utfører i dag alt av grunnarbeid . Dei har både maskinkøyrarar, lastebilsjåførarar, grunnarbeiderar og landmålar i eigen stab. Sprengingsarbeid blir utført av S&S Bergsprenging som dei eig saman med T. Sandsgård Anlegg AS. 

- Me gjer det meste klart for bygging, og tar oss av både private hustomter, industritomter, bustadfelt, VA-anlegg og arbeid for landbruket, kort sagt alt innan grunnarbeid. I tillegg har me eige mobilt knuseverk som me nyttar i eiga drift, men som me også leiger mykje ut til andre, fortel Håvard. 

Blant anna har entreprenøren hatt alt grunnarbeidet på det nye oppdrettsanlegget som Bremnes Seashore AS byggjer på Trovåg. Bygginga der starta våren 2015 og er planlagt ferdig sommaren 2019. Han leier ei framoverlent bedrift som har vakse godt dei siste åra. 

Bedrifta er no også blitt næringshagebedrift i Medvind Næringshage. Noko som betyr at dei får tilgang til kompetanse og nettverksbygging i eit større utviklingsmiljø for næringslivet lokalt. 

- Eg trur det er viktig at me er synlege på dei arenaene, at me kan knyte nye nettverk og ikkje minst bruke den kompetansen ein finn i næringshagen. Det vil vere med å utvikle oss, og kanskje har me og noko me kan tilføre dei, meiner Håvard Skjold, og viser til kor viktig det er at bedrifter kan støtte kvarandre og spele kvarandre gode. 

Ottar Skjold Maskin AS har i dag 17 tilsette, og til  sommaren blir dei 19.  - Me satsar bevisst på lokale fagfolk, seier Håvard Skjold. 

Langsiktig rekruttering 

Etter eit rekordår i 2015 med ein omsetnad på godt over 31 millionar kroner, fekk bedrifta i 2016 kjenne litt på effekten etter oljekrisa. 

- Det året gjekk me om lag i null, me merka godt at det var mindre aktivitet, færre som ville byggje hus og færre oppdrag, slår Håvard fast. 

Fjoråret ser betrakteleg lysare ut, sjølv om det framleis er for tidleg å setje to strekar under eit resultat. Stort sett har Ottar Skjold AS oppdrag i området Haugesund, Karmøy, Tysvær og Vindafjord. Dei satsar bevisst på lokale fagfolk, og meiner det er viktig med godt språk blant dei tilsette, slik at ein godt kan kommunisere med kundar. 

Håvard meiner også det er viktig å kunne tilby læreplassar for å sikre god og langsiktig rekruttering i faget. 

- Nett no har me ikkje lærling, rett og slett fordi me ikkje fekk tak i, men til sommaren byrjar det to nye hjå oss. Det er viktig for oss, både fordi me kan sikre oss rekruttering i eiga bedrift, men også for næringa sin del, at me er med på å skape flinke gode fagfolk. Alle bør tilby læreplassar, det er ei god investering, meiner Håvard, som også ser at snittalderen i bransjen byrjar å bli høg, dermed blir rekrutteringstiltak endå meir aktuelt. 

Digitalisert kvardag 

Selskapet har 17 tilsette, blant dei to seniorar som sjølv bestemmer kor mykje dei vil jobbe. Far til Håvard, Ottar Skjold, er blitt pensjonist, men engasjerer seg framleis i bedrifta, noko sonen er takknemleg for. 

- Eg har ikkje snudd mykje på drifta her etter at eg tok over, eg prøver heller å byggje vidare på det som allereie er på plass. Den største endringa er truleg at me er blitt meir digitaliserte, blant anna er det no GPS-styring i dei fleste av gravemaskinane våre som viser kor ein skal grave. Alt frå timeføring til teikningar er no digitalisert, alt dei tilsette treng er ein smart-telefon. 

- Det er også stor utvikling i bransjen vår, me må heile tida oppdatere oss på ny kompetanse og i nye krav som blir sett til dei som jobbar hjå oss. Det er stadig nye krav frå byggherre og nytt regelverk me må hanskast med, det er viktig å ta den jobben på alvor, meiner Håvard. 

Han har ikkje sett seg konkrete mål for vekst i bedrifta, men ser at Statens vegvesen blir ein aktuell større kunde i åra framover. 

- Det skjer mykje på vegfronten for tida, me har og har hatt oppdrag for Statens vegvesen før, og eg håpar me kan bli aktuelle for dei framover.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden