Lunsjmøte om arv og investeringar

Den nye arvelova vart vedteken i 2019. Kva kan det bety for deg nå, eller i framtida?


Det er eitt av spørsmåla du kan få svar på i Sparebank 1 SR-Bank sitt lunsjseminar 5. desember. Då kjem advokatane Anders Natvig og Lisbeth Christine Toft frå Deloitte Haugesund for å fortelja om dei mest sentrale endringane i lova og kva lovendringane betyr i praksis. Endringane i arvelova får til dømes stor innverknad i barns rettar til arv, og dette, saman med endringar kring fordeling av arv eller testament, blir vesentlege tema.

Velkommen til lunsjmøte

  • Når: Torsdag 5. desember 2019, kl. 10:45 - 12:00
  • Kvar: Medvind24 Næringshage, Medvind-bygget i Ølensvåg
  • Arrangør: Sparebank 1 SR-Bank
  • Lunsj: Blir servert kl. 11:15
  • Meld deg på her: http://epost.sr-bank.no

Investeringar blir også eit tema denne gongen. Trond Tjensvold er porteføljeforvaltar i SR forvaltning, og han vil oppdatera oss på aksjemarknaden og på kva moglegheiter for stabile inntekter som ligg i ein aksjeportefølje. Porteføljeforvaltar Steinar R. Jakobsen skal snakka om kva utsikter og moglegheiter som finst i rentemarknaden, med låge og til dels negative renter.

Interessante og høgaktuelle tema som du kan få med deg på lunsjmøtet i Medvind24 Næringshage i Ølensvåg. Møtet er ope for alle, og det kostar ingenting å melda seg på. Link til påmelding finn du til høgre i boksen.  

Vel møtt!

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden