Lokal konferanseinnspeling

Lokal næringsutvikling er eitt av tema i årets digitale Agendakonferanse. Innspelinga av «Distriktspraten» tok dei i Ølensvåg.


Den årlege Agendakonferansen er arrangert av Haugaland Vekst, og temaet for 2021 er «Veikart for Haugalandet: verdiskaping, jobbskaping, og samskaping». Konferansen samlar regionens beslutningstakerar i offentleg og privat sektor og har som mål å setje fokus på regionale moglegheiter og utfordringar, i tillegg til å styrke samhandlinga på tvers av kommunar, næringsliv og andre samfunnsaktørar. 

Agendakonferansen 2021

  • Konferansen blir lagt ut på Haugaland Vekst sine nettsider frå kl 09.00, torsdag 28. januar, og er tilgjengeleg for dei som har meldt seg på. Seinare vil sendinga bli lagt ut og vere open for alle. 
  • Årets tema er «Veikart for Haugalandet: verdiskaping, jobbskaping, og samskaping»
  • «Distriktspraten», som vart spelt inn i Ølensvåg, tek for seg tema som samhandling, utvikling og styrking av næringslivet på tvers av regionen.

– Me jobbar for å løfte samarbeidet i regionen, og ein viktig del av dette er å sjå på korleis me kan forsterke distrikta, seier Mulighetsutvikler Vidar Vorraa i Haugaland Vekst. Nettopp difor er den delen av konferansen som er tittelert «Distriktspraten» spelt inn i Ølensvåg utanfor Omega. 

– Me kunne ikkje sitje i Haugesund sentrum og ha ein paneldebatt om distrikta, legg Vorraa til. 

«Distriktspraten» vart leia av HR-sjef i AutoStore, Anette Matre, som modererte debatten mellom ordførar i Suldal Gerd Helen Bø, kommunaldirektør i Etne Bjørn Tollefsen, maskin-og kranførar for Eramet i Sauda og representant for LO i Nord-Rogaland Remy Penev, og avdelingsleiar i Omega CS og styreleiar i Medvind Næringshage Terje Aarekol. 

Image
«Distriktspraten» speglar seg i tema som buattraktivitet, jobbmoglegheiter, tilgang og nærleik til tilbod som skule og barnehage, og gode vegar. (Foto: Kristian Risanger)

Gjennom debatten tek dei opp tema som samhandling, utvikling og styrking av næringslivet på tvers av regionen. Dette speglar seg i tema som buattraktivitet, jobbmoglegheiter, tilgang og nærleik til tilbod som skule og barnehage, og gode vegar. 

– Det går mykje inn under det å sjå på at saman er me betre, og korleis me kan jobbe i lag for å motverke trendar som fråflytting frå distrika og kompansere for eldrebølga, seier Matre

– Det er viktig å sjå på samarbeid mellom regionen og næringslivet. Der me må jobbe saman i tillegg til å jobbe for oss sjølv, legg Tollefsen til. 

– Og ikkje minst ha dialog, gi og bli sett. Noko som baserer seg på tillit, seier Bø. 

Konferansen blir spelt inn fleire stader i regionen og har fleire segment som byggjer opp under årets tema. «Distriktspraten» og heile konferansen blir lagt ut på Haugaland Vekst sine nettsider frå kl 09.00, torsdag 28. januar, og er tilgjengeleg for dei som har meldt seg på. Seinare vil sendinga bli lagt ut og vere open for alle. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden