Lanserer lære-app

Fikse Næringsforening lanserer snart Finnfag-appen som skal gjere det endå enklare å kople bedrifter saman med aktuelle lærlingar.


Bjørn Johannessen er dagleg leiar i Haugaland Opplærings-kontor. Han er ein av aktørane som arbeidar tett saman med Fikse Næringsforening i arbeidet med Finnfag.no, som blei lansert i 2018. Han gler seg over den planlagde appen som skal gjere det endå enklare for lærlingar å finne attraktive læreplassar.

– Noko av det viktigaste med appen er at ein kan få såkalla «push-varslar» dersom det er ledige læreplassar som truleg vil interessere ein, slik klarer ein å halde full kontroll heile tida, meiner Bjørn Johannessen.

God oversikt

Image
Nils Einar Steinstø i Fikse Næingsforening trur appen blir viktig for å få endå betre rekruttering av lærlingar i regionen. (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland)

Tanken bak Finnfag.no er at elevar som søkjer læreplass eller praksisplass får god oversikt over potensielle bedrifter som har læreplassar, slik at dei slepp å leite rundt på diverse nettsider, den nye appen skal forsterke dette arbeidet.

– Dette er eit verktøy der lærebedriftene har ei eiga profilside og får presentert seg til dei som skal søkje læreplass. Nettsidene til bedriftene er ofte retta mot kundar, og ofte er språket engelsk, då treng ein som lærling ein annan stad å hente informasjon i tillegg, legg han til. Appen blir utvikla av Omega Design, som og sto for utviklinga av læreportalen finnfag.no for Fikse i 2018.

– Draumen er å få alle opplæringskontor, kommunar og bedrifter med lærling- og praksisplassar til å bruke Finnfag, seier dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Nils Einar Steinstø og legg til at bedrifter som ikkje er med gjerne må ta kontakt om dette høyrest interessant ut.

– Då vil elevane frå alle skular finne alt i ein app, slår han fast.

Bente Bakke som er prosjektleiar for app-utvikling i Omega Design viser til at det er eit mål om å lansere appen i App Store og Google Play Store i månadsskiftet januar/februar i god tid før søknadsfristane går ut.

– Appen har som mål å treffe ungdommen «der dei er», og gjere relevant og oppdatert informasjon lett tilgjengeleg. Ein kan lagre ulike søkekriterier, slik at ein alltid vil få siste nytt direkte i appen, fortel Bente Bakke. Appen vil tilby funksjonalitet som gjer det enkelt å søkje på ledige stillingar, få informasjon om ulike bedrifter og få varsel om nye praksis- og læreplassar.

Fleire søkjarar

Westcon Yards er ei av bedriftene som brukar Finnfag.no i dag. HR-leiar Gunnlaug Habbestad meiner portalen er oversiktleg.

– Me ser at me fekk fleire søkjarar på læreplassar frå Karmøy og Haugesund etter at denne nettportalen vart lansert, seier Habbestad og viser til at den digitale treffstaden for lærlingar og bedrifter ser ut til å fungere veldig bra.

– Lærlingane våre er det viktigaste rekrutteringstiltaket me har, me prøver å ta inn lærlingar heile tida, også gjennom korona-perioden som har regjert den siste tida. Dei aller fleste som søkjer og får læreplass blir verande her i bedrifta, og eg trur at dei som har gått læretida hjå oss har fått god oppfølging og er flinke folk.

Westcon Yards har læreplassar som industrimekanikar, industrirøyrleggar, og innan sveisefaget, platearbeidar og IKT- serviceteknikar. Trass i at dei lenge har ynskt seg fleire kokkelærlingar ser det ut til å bli ei lang ventetid, det er særs få unge som tek kokkeutdanning. Også Vindafjord kommune er godt nøgd med læreportalen. Dei har læreplassar i Kontor- og administrasjonsfaget, Institusjonskokkfaget, Helsearbeidarfaget og Barne-og ungdomsarbeidarfaget.

– Lærlingar betyr mykje for rekruttering til kommunen, dei får eit unikt innblikk i korleis ein kommune jobbar og blir kjent med oss. Då er sjansen større for at dei blir, meiner personalrådgjevar og lærling-kontakt i kommunen, Marit Særsten.

– Me ser jo at dei fleste lærlingane som kjem til oss har ein form for kontakt til kommunen eller regionen. Talet på ledige læreplassar blir stadig oppdatert, nett no er det 109 ledige læreplassar i 70 bedrifter.

– For at læreperioden skal bli ein suksess er det viktig at ein jobbar godt på førehand, slik at lærlingen vel eit fag han eller ho kan meistre og trivast med. Då er det viktig med relevant og god informasjon om ulike fag, og gjennom Finnfag.no får ein ei oversikt over aktuelle lærebedrifter som kan tilby læreplass, slår Bjørn Johannessen fast.



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden