Kvit geitost frå NM-vinnar i brunost

Dei to siste åra har Jan Haslemo henta heim NM-gull for den brune geitosten sin. I februar starta han prøveproduksjon av diverse variantar av kvit geitost.


Geite- og sauebonde Haslemo på Aurdal gard i Øvre Vats har tatt nye steg som geitostprodusent. Med erfaring frå 20 års produksjon av brun geitost starta han i februar prøveproduksjon av kvite geitostar. 

I fjor omsette han for 4,8 millionar kroner. Han leverte om lag 210 000 liter geitemjølk til Tine sitt meieri på Haukeli. Om lag 40 000 liter brukte han i eigen osteproduksjon – fem-seks tonn ost totalt. 

- Samanlikna med ysting av brunost er produksjon av kvit geitost meir krevjande. Enkelt sagt blir brunosten til ved sju-åtte timars innkoking av fersk geitemjølk til ein karamellaktig masse som blir pressa i former. Produksjon av kvit geitost set strengare krav til kvalitet på mjølka, spesielt til kor godt osteproteinet koagulerer og til at mjølka har mildare smak og lukt. Og så er det ein fordel at ystaren veit å ta dei rette grepa, gripe inn i prosessane på rett tidspunkt for å få det beste ut av produksjonen, fortel Haslemo. 

Budeie frå Sveit og ystar frå Italia 

Til å hjelpa seg i gong med produksjonen av kvit geitost fekk han tak i ei budeie frå ostelandet Sveits. Ho var flink, og ein viktig medhjelpar i starten av prosjektet. I det vidare arbeidet med utvikling av sin eigen kvitost frå grunnen av fekk Haslemo anna hjelp. 


- Via internett kom eg i kontakt med ein ung italienar, 25 år gamle Michele Penati. Trass sin unge alder kunne Penati vise til lang erfaring frå ymse ysteri frå fleire land i Europa, og då han var ledig på kort varsel, inviterte eg han til Aurdal på 14 dagars prøving, fortel Haslemo. 

No er budeia reist heim, og Penati har tatt over utviklinga av heilt nye, kvite geitostar frå Aurdal gard. 

Hobby eller industriell satsing 

Med utviding av sortimentet frå berre å produsere brun geitost til produksjon av ymse variantar av kvit geitost, blir det mest truleg mindre hobby og meir industriell produksjon i Aurdal. 

- Brunostproduksjonen og salet av ostane våre har vore ein del av stølsdrifta og ein hobby eg overtok saman med drifta av familien sin leigde geitestøl ved Ulevå, mellom Haukeliseter og Haukelitunnelen. Skal eg satsa på produksjon av kvit geitost etter prøveperioden, så må eg nok vurdera mindre hobby og meir storproduksjon. Anten så blir det med prøveproduksjonen, elles så blir det å satse industrielt. Endeleg avgjerd er ikkje tatt, men eg ser i tilfelle for meg ei ny utbygging av gardsysteriet og å knyte til meg fleire på eigarsida som kan ta del i drifta, fortel Haslemo. 

Smaksprøvar gjer oss overtydd om at kvitostane til Haslemo blir ei like etterspurd vare som brunostane han er blitt viden kjent for. Og legg ein historia med tidlegare realiserte planar som Haslemo har hatt til grunn, så blir det nok noko av planane om industriell satsing òg. Haslemo er kjend for å stå på, og innrømmer at det ofte blir lange dagar. 

Variasjon i kvardagen 

Haslemo sitt motto har alltid vore at kvar arbeidsdag skal tilføre garden noko nytt. 

- Kunsten er å ha variasjon i kvardagen. Ulike arbeidsoppgåver gjennom dagen, veka, sesongen og året gjer livet som geitebonde interessant og spennande. Ingenting er som å setja seg inn i gravemaskina etter ei økt i geitefjøset, dyrka nye engstykke og bygge garden steg for steg, seier Haslemo. 

- Men det hadde ikkje gått om det ikkje hadde vore for Nina, kona mi. Det er ho som tek seg av alt det andre som ikkje har med gardsdrift, skoging, nydyrking og stølsdrift å gjere. Og det er ikkje lite, med tre born i skulealder og med anna arbeid utanfor heimen, legg han til. 

Han har nok litt å henge fingrane i sjølv òg, til dømes med 400 geiter som skal mjølkast to gonger i døgeret. 200 sauer krev og sitt.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden