Kven bør få næringspris?

Prisen for Årets bedrift skal delast ut på NæingsGIV på Olalia 12. mai. No treng juryen gode tips til aktuelle bedrifter.


Årets bedrift

Etter fleire år med korona er det endeleg på tide med ny næringskonferanse på Olalia 12. mai. Konferansen samlar næringslivet i Etne og Vindafjord, og er dermed ein perfekt plass for å heidre nokre av bedriftene spesielt. I år skal prisen for Årets bedrift delast ut. 

Startar juryarbeidet

Juryen startar opp arbeidet over helga og er heilt avhengig av gode tips til aktuelle bedrifter som har gjort noko spesielt, eller skilt seg ut i 2021. Mange gode bedrifter og stor aktivitet gjer deira jobb ganske utfordrande. I juryen sit Magne Christiansen frå Sparebank 1 SR-Bank saman med Rune Ramsvik frå Etne Sparebank, Lars Olav Larsen frå Haugesund Sparebank og Arne Frøkedal frå Grannar. Fikse Næringsforening, Medvind24 Næringshage og Grannar står samla bak arrangementet NæringsGIV. 

Lokal verdiskaping

Prisen Årets bedrift skal vere ein inspirasjon til næringslivet og eit heidersteikn til verksemda som mottek prisen. Prisen skal i følgje vedtektene gå til ein næringsaktør som har utmerka seg positivt gjennom lokal verdiskaping og utvikling. Bedrifter som har fått prisen tidlegare er til dømes MCE, Hatteland, Fatland og Omega. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden