Krydrar sentrum med historie

Historikken i Ølen Sentrum skal opp i dagen: Sjoargata skal fargast med tilbakeblikk til historiske bygg og hendingar. Nå er gjengen bak prosjektet på jakt etter fleire minneverdige stoppestader til den nye kulturløypa.


- Eit bygdesentrum som dette har mange historier å fortelja frå eit levande nærings- og kulturliv gjennom mange år. Me vil pusta støv av historia her i sentrum, og gjennom ei kulturløype gjera ho tilgjengeleg for endå fleire, både store og små, lokale og tilreisande, seier Magne Christiansen og Asbjørn Moe i Ølen Handel & Service. 

Tanken er å laga historiske stoppestader langs Sjoargata, der benker og skilt med historie og illustrasjonar skal gi innsikt i ei rekkje minneverdige stader i sentrum; alt frå sildafabrikken og HSD-kaien til telefonkiosken og Olav Heggen. For å nemna nokre.  

Arbeidet med sjølve løypa og dei mange stopp-punkta er godt i gang, og allereie har komiteen tankar om korleis løypa kan vidareutviklast. 

- I framtida vil me også byggja vidare på kulturløypa med andre naturlege stoppestader i Ølen, som blant anna ved bunkersane på Dreganes og Fikse. Me håpar også at me kan vidareutvikla dette konseptet med sikte på turismen i Ølen, eller opplæring for born og ungdom. Blant anna har me leikt oss med tanken på at kulturløypa kan presenterast gjennom ei nettside, der interesserte kan få tilgang til historia i Ølen sentrum via eit interaktivt kart, seier Christiansen. 

Saman med Moe har han arbeidd med ideen det siste året, og har fått med seg fleire aktørar på prosjektet, som blant anna turlaget, rosemalar Unni Marie Lien og biblioteket. 

Desse stoppestadene blir å finna i kulturløypa

  • Joakariparken 
  • Terskelsenhuset 
  • Pensjonatet 
  • Revahallen 
  • Kaien/Sunnhordland 
  • Olav Heggen 
  • Sildafabrikken 
  • Meieriet 
  • Gamle banken 
  • Krambumuseet 
  • Gamle kommunehuset 
  • Bakar Christiansen 
  • Ølen Kyrkje 
  • Hengjo 
  • Vilands Slakteri 
  • Neraals bakeri
  • Ryen 
  • Skomaker Andersen 
  • Alfred B. Tvedt
  • Telefonkiosken 
  • Støle Taxi 

- Saman med biblioteket vil me leggja opp til ein tur i løypa spesielt retta mot born. Med kart og rebus skal dei finna fram til dei ulike stadene, og få premie for innsatsen. Slik vil også dei yngste bli betre kjende med historia, seier Christiansen. 

- Samtidig ser me også at denne løypa kan bli interessant for turismen i bygda. Me samarbeider med Unni Marie Lien som har turistinformasjonen i Ølen, og vil tilby turistar kart over løypa på ulike språk. Me trur dette kan vera med på å gjera sentrum endå meir attraktivt for turistar. 

Vidare skal prosjektgruppa også prøva å kopla inn fleire andre aktørar som kan bidra anten med historisk kunnskap, utforming eller på andre måtar bidra med å vidareutvikla konseptet. Saman med Torleif Heggebø og Terje Lunde arbeider dei nå med å plukka ut stadene som skal bli stopp-punkt i kulturløypa, og har allereie ei god liste på plass. Men framleis ønskjer dei innspel frå andre. 

- Me vil gjerne har forslag til stader eller historiske hendingar og personar som kan knytast til Sjoargata eller andre område nær Ølen Sentrum. I haust vil me gjera eit endeleg utval av kva som skal lanserast langs løypa i første omgang. Deretter vil me nok spe på med nye historier etter kvart, seier Heggebø som representerer turlaget i prosjektet. 

Finansieringa til den første fasen av prosjektet er allereie på plass. 

- Me har fått 50 000 kroner frå Ølen Kjøttfestival som er øyremerka benker til stoppestadene langs løypa, og Sparebank 1 SR-Bank har støtta prosjektet med 25 000 kroner. Me sper sjølvsagt på med ein del dugnadsarbeid i tillegg, og har såleis fullfinansiert prosjektet. Nå tar me sats på å setja i gang med arbeidet i løpet av hausten, seier Moe.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden