Kronikk: Eit dramatisk år for norsk økonomi

Våren 2020 har vore svært dramatisk. 12. mars varsla statsministeren om dei mest inngripande restriksjonane på aktivitet i fredstid for å stagge koronaviruset. Deler av næringslivet vart fråteke heile eller deler av inntektsgrunnlaget over natta.


Ifølge Statistisk Sentralbyrå falt den økonomiske aktiviteten med utrulege 15 prosent frå starten til slutten av mars månad. Dei fleste næringar er ramma, men nokre vesentleg meir enn andre. I overnattings- og serveringsbransjen har aktiviteten stupt med 30 prosent. Nesten like stor er nedgangen for kultur og underholdning, og for transportsektoren. Dette førte til eit skred av permitteringar som løfta den registrerte arbeidsledigheten opp frå litt over 2 prosent til nesten 11 prosent i løpet av nokon veker.  


Alvoret i den økonomiske situasjonen er overveldande, men lyspunkt fins.

Alvoret i den økonomiske situasjonen er overveldande, men lyspunkt fins.  

Det første er at det største fallet i økonomien, den akutte fasen i koronakrisa, ligg bak oss. I tida som kjem vil dei direkte og dramatiske effektane av smittevernstiltaka på økonomien ebbe ut. Styresmaktene har starta prosessen med å mjuka opp restriksjonar, og vil ha landet «opna opp» i løpet av sommaren. Ein god del permitterte er allereie tilbake på jobb, og fleire vil koma etter.  

Det andre er at finans- og pengepolitikk blir brukt i fullt monn for å dempa nedturen. Styringsrenta til Norges Bank er for første gong i historia kome ned til null, og sentralbanken varslar at den trulig vil bli verande der dei neste tre åra. Ettersom norske hushald har mykje gjeld, gir betydelige rentekutt merkbar effekt i form av lågare månadlige faste utgifter.  

Førstefiolinen i politikkresponsen er det derimot finanspolitikken som spelar. Oljefondet på over 10 000 milliardar gir oss eit handlingsrom som få andre land har. Oljepengebruken har skote i vêret og brote alle rekordar i dei to månadane som har gått. Kriselån, direkte tilskot til bedrifter og betre kompensasjon ved arbeidsløyse er nokre av tiltaka. Framover kan me venta oss endå fleire tiltak over statsbudsjettet, retta mot å løfta aktiviteten i økonomien.  


Oljefondet på over 10 000 milliardar gir oss eit handlingsrom som få andre land har.

Ein begynnande opptur, og handlekraft og vilje frå myndighetshald gir grunn til optimisme, men optimismen må gå hand i hand med sunn realisme. Me kjem antakelig ikkje heilt tilbake til den gamle normalen med det første. Enkelte smittevernstiltak vil truleg vera med oss også inn i neste år, for å unngå ei ny, alvorleg oppblussing og nye innstrammingar. Ekspertar meiner at det er lite sannsynlig at ein vaksine er klar til utrulling før tidligast slutten av 2021.

Dei negative andre undereffektene av krisa på etterspurnaden vil dessutan vere av det seige slaget og dempe oppsvinget. Hushalda si kjøpekraft vil truleg bli haldt nede av magre lønnsoppgjer. Utrygge framtidsutsikter og låg inntening vil gjera føretak tilbakehaldne med å setja i gong med store investeringsprosjekt. Mange føretak, også i vårt distrikt, vil kjenne på konsekvensen av eit brått og kraftig fall investeringane på norsk sokkel, som følgje av stupet i oljeprisen.

Me må vera førebudde på at me ikkje klarer å henta inn heile den økonomiske kostnaden av koronakrisa. Den vil truleg gje nokre langvarige sår, i form av fleire konkursar og ein høgare andel arbeidsledige i fleire år framover.


 Det er også lov til å både håpa og tru at krisa også fører med seg noko positivt, til dømes i form av auka innovasjonstakt og omstillingstempo i næringslivet.

Likevel: Ingen har fasit. Me kan håpa at økonomiens toleevne er større enn frykta og at medisinske gjennombrot kjem raskare enn venta, slik at såra blir små. Det er også lov til å både håpa og tru at krisa også fører med seg noko positivt, til dømes i form av auka innovasjonstakt og omstillingstempo i næringslivet. Det er trass alt bedriftene og arbeidstakarane som skal stå for framtidas verdiskapning, ikkje oljefondet.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden