Konsert og utekino for ungdommen

23. juni blir det gratis konsert og utekino ved Ølen Kulturhus. Dette blir første smakebit på livet før korona igjen for ungdommen.


 Onsdagskveld blir filmen Jumanji – Next Level vist på storskjerm ute. Etterpå går Hagle på scena. 

Image
Monica Utne t.v. og Tine Eielsen t.h. var frivillige under utekinoen som blei arrangert i fjor. (Foto: Monica Thune Haakull)

– Nå er det på tide at det skjer noko for ungdommane igjen og då smell me til med ein skikkelig god start på sommaren etter eit langt og for mange kjedeleg år utan mykje å sjå fram til på aktivitetsfronten, seier Jarle Ljosnes, dagleg leiar i Ølen Kulturhus SA.

Norsk country-rap

Hagle er ein norsk country-rap-duo, beståande av Olav Tokerud og Andrè Jensen. Etter at serien Rådebank hadde med fleire av låtane deira, skaut avspelingane i veret. Låtane deira er prega av dialekt og skildring av korleis livet er på bygda. Dei har songar med fleire millionar avspelingar på Spotify, blant anna: Traktor, Bøgda og Født til å ragge. Konserten blir arrangert av Redd Barna Haugalandet, AlleMed Vindafjord og Ølen Kulturhus SA.

Arrangementet er for ungdommane i bygdene, og alderen for målgruppa er 12-17 år. Ungdommane har vore igjennom korona-året på ein anna måte enn den vaksne delen av befolkninga. Det sosiale liv er ein større del av kvardagen deira, som fotballkampar, bursdagsfeiringar, kino og så vidare. Difor er eit slikt arrangement så viktig.


Eit koronavenleg arrangement

Ølen kulturhus har også fått med seg Redd Barna Haugalandet på laget, ei frivillig gruppe som jobbar for å fremja born sine rettar på Haugalandet. Dei stiller blant anna med frivillige vakter. Arrangementet tar sjølvsagt omsyn til koronarestriksjonane.

 – Med tanke på korona så blir det 400 sitteplassar delt i to soner med ein inngong som delar seg til kvar av dei, slik reglane er nå, forklarar Jarle Ljosnes.

Ljosnes understrekar at det er viktig at foreldra er obs på smittevernreglane som gjeld og forklarar dei til ungdommane sine. Dei ynskjer å spreia glede, ikkje smitte. Det vil bli registrering av alle som skal inn i forkant, noko som skapar god oversikt for eventuell smittesporing. Det vil og vera vakter der.

– Dette er nok det enklaste me har fått vaktar til, men det blir såpass mange at me tar gjerne nokon til. Me treng alltid folk som er tilgjengelege for å hjelpa, då Ølen Kulturhus er driven på dugnad.

 

Vil du vere vakt?

  • Om ein ynskjer å stilla som vakt, send mail til post@olenkulturhus.no eller ta kontakt via Facebook.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden