Klare til sommarcamp


Det er Etne Røde Kors som saman med fleire lokale organisasjonar arrangerer sommarcamp for barn den første ferieveka. Kristine Vik Ekornrud er ein av dei som brukar nokre feriedagar på å lage til gode opplevingar for barn frå 1 - 7 klasse. Sommarcampen freistar ikkje berre lokale barn, men også tilreisande frå heile landet. I år blir campen naturlegvis prega av smittvernstiltak, likevel meiner Vik Ekornud at ein skal få til ei god stemning til fjells.

– Dette er kjekke dagar, til vanleg tilbyr me overnatting for dei eldste barna, men i år må alle reise heim på kveldane. Overnatting hadde blitt litt for mykje styr, med tanke på kohortar og kven som kan sove saman.

Gode naturopplevingar

Målet med sommarcampen er å gi barna ein god start på sommarferien med aktiviteter til fjells. Røde Kors ynskjer at alle skal kunne få oppleve det enkle og gode friluftslivet, som igjen kanskje fører til at fleire blir glade i å vere ute.

– Leiren har og ei sosial side, det er alltid kjekt å treffe nye venner, som gjerne kjem tilreisande. Dei som deltek her, men som ikkje bur her, har jo ofte slektningar, ei mor eller ein far frå Etne. Det er alltid ekstra stas å treffe nye folk, meiner Vik Ekornud som kan vise til at det no blir den 10.gongen sommarcampen blir gjennomført. Den har vore årleg forutan i fjor, då pandemien sette ein stoppar for arrangementet.

Barna som deltek betaler 1600 kroner for dei fire dagane, dette dekkar transport både opp og ned frå fjells dagleg, samt mat og alle aktivitetar. I år er det 112 påmelde barn, og mange fleire på venteliste til den populære sommarcampen.

Mange frivillige

Mange frivillige har vore med lenge i arrangementet og Kristine Vik Ekornrud rosar dei som er med på alt av rigging, matlaging og aktivitetar. Nokre er her oppe ein dag, medan andre er med heile tida. Somme av ungdommane som tidlegare har vore med som deltakar i mange år kjem også ofte igjen som frivillig, det viser at dagane til fjells har sett spor. Sjølv meiner ho det er kjekt å stille opp på dugnaden, ikkje minst sidan ho blir godt kjent med vennene til sine eigne barn.

– Mange foreldre er med som frivillige, og det er jo slik det er på bygda. Ein må stille opp skal ein sikre at det blir eit tilbod.

– I år skulle me jo eigentleg hatt fest sidan me feirar 10 år, det blir det jo ikkje noko av. Men ordføraren vår Heidi Mette Bergsvåg har sporty sagt at ho vil vere med som frivillig ein dag i matlaginga, slik at barna får møte ordføraren, det var veldig kjekt. Av attraksjonar som barna særleg ser fram til desse feriedagane trekk ho fram klatring og hesteriding.

– Det er aktivitetar ikkje alle har prøvt før, og me har ei Via Ferrata-rute som ikkje er så bratt, så den klarer dei fleste å gjennomføre.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden