Kjappaste kjøttdeig i verda 

- Den norske bonden treng ein innovativ næringsmiddelindustri, som fortset å utvikla produkta og bidrar til at me framleis kan halda oppe produksjonen innanlands, sa landbruksministeren før han  trykte i gang ein av verdas mest effektive pakkemaskinar for kjøttdeig.

Av: Kari Aakra

Publisert: 29. august 2016


Landbruksminister Jon Georg Dale markerte opninga med å køyra i gang verdas raskaste kjøttdeigpakke-maskin då han opna det nye Fatland-anlegget fredag, 26. august.  

Ministeren som sjølv er tidlegare kjøtskjerar meiner innovasjonen hjå Fatland er med på å bidra til ei trygg framtid for det norske landbruket. 

- Eg arbeidde som kjøtskjerar til 2009. Då skar me ein og ein part kvar. Nå skjer dei det meste på linja. Effektiviteten har gått opp, dermed har lønnsemda gått opp, noko som fører til at bonden tener pengar. At me har ein næringsmiddelindustri som tør og vågar, fører til at norske bønder kan føla seg trygge på produksjon sin frå dag til dag. Den norske bonden treng ein innovativ næringsmiddelindustri, som fortset å utvikla produkta og bidrar til at me framleis kan halda oppe produksjonen innanlands, poengterte Dale før han trykte i gang ein av verdas mest effektive pakkemaskinar for kjøttdeig. 

I løpet av minuttet pakkar maskina 160 pakkar kjøttdeig. Styringssystemet til den nye kjøttdeiglina er det første levert i Noreg. Kjøtet kjem inn automatisk, og blir skanna inn i kverna. Der blir det lagt inn ein resept med oppskrift. Maskinen sørgjer for at kjøtet blir kverna, kjøler det ned til rett temperatur og tilsett det som skal til. Og alt er sporbart. 

- Teoretisk kan Coop snart starta kjøttdeiglinja hjå oss sjølv. Dette jobbar me for å få inn i alle linjer, seier Fatland.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden