Inviterer til Nerheim-selskap


Anne Sofie Sandvik i Vindafjord kommune og Morten Helland i Medvind Næringshage vil ha med private aktørar på laget når næringsområdet på Nerheim skal utviklast. - Me trur ei samarbeidsløysing mellom kommune og privat næringsliv kan vera den beste måten å sikra ei god framdrift. 

Utbygginga av næringsområdet på Nerheim er på trappene. 100 mål er ferdig regulerte og klare for utvikling. I løpet av året kan arbeidet vera i gang, og kommunen vil ha private aktørar med på laget. Alle som går med tankar om å etablera seg på Nerheim er dermed inviterte til å bli med i nytt selskap for utviklingsarbeidet. 

- Me har sett på fleire alternativ for utbygginga, men har funne at ei samarbeidsløysing mellom kommune og private aktørar kan vera den beste måten å gå fram på. Med eit felles utbyggingsselskap trur me det vil bli enklare å få bygd ut større delar av arealet på ein gong. Saman vil me også sikra framdrifta, og gjerne også få eit både billegare og meir effektivt arbeid, seier samfunnsutviklar Anne Sofie Sandvik i Vindafjord kommune.

Vil ha fleire med på laget

Nå vil Sandvik invitera til informasjonsmøte om planane. 7. juni er alle som har tankar om å etablering på Nerheim inviterte til møte på rådhuset i Vindafjord. 

Deretter er målet å stifta eit utbyggingsselskap. Kommunen ser for seg politisk handsaming av eit selskap tidleg på hausten, seier Sandvik. 

- Me har framleis nokre spørsmål rundt organiseringa som me må utgreia nærare før me går vidare. Mellom anna ønskjer vi å få ein oversikt over kva, og kor mange, verksemder som ønskjer å delta i eit slikt selskap. Vidare ser vi det som viktig å ha ei brei forankring for dette prosjektet i samarbeid med bedriftene, og sender dermed ut open invitasjon til private aktørar i næringslivet. Invitasjonen går både til bedrifter som har konkrete planar om etablering, men også til dei som framleis er på tankestadiet eller er interesserte i å få vita meir om planane for Nerheim, seier Sandvik. 

Næringsarealet på Nerheim skal omfatta industri-, nærings-, handverks- og lagerverksemd, og bedrifter med arealkrevjande handel. Fleire lokale bedrifter har vore i kontakt med Medvind Næringshage på jakt etter næringsareal for nyetablering eller vidare utvikling av verksemdene sine, og interessa for Nerheim har vore stor, seier Morten Helland i næringshagen.

- Det siste året har det vore stor aktivitet på næringsområde i heile Vindafjord. Me ser det over alt i kommunen; på Knapphus, Liaheia, Dommersnes, Steinsland og nå også på Nerheim. Dette har vore eit etterlengta tilbod for mange som har vore på jakt etter eigna næringsareal sentralt i kommunen. Bedriftene som vurderer etablering på Nerheim, har behov for alt frå eitt til 50 mål, og mange av dei har også ytra ønskje om å bidra til utbyggingsarbeidet. Nå håpar me at enno fleire ønskjer å bli med på samarbeidet om utbygginga, seier Helland.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden