Investerer 10 millionar kroner i tøffe tider

Nyleg kunne me lese i norske medier at berre fem prosent av bedriftene på Vestlandet har gjennomført planlagde investeringar det siste året. Helgevold Gruppen, med hovudkontor i Sandeid, er blant dei som satsar.


- Me går spennande tider i møte. Det er mørke skyer over mykje av næringslivet på Vestlandet, og det vil vera rart om det ikkje råkar oss òg, medgir administrerande direktør Johannes Helgevold. 

Like fullt investerer han i desse dagar om lag 10 millionar kroner i ombygging av eksisterande lokalar i Sandeid, kjøp av nabobygg og -tomt, og bygging av nytt lager og ny brannstasjon. Ei omsetningsauke på over 30 prosent i avdelinga i Vindafjord så langt i år, samanlikna med same tid i fjor, gjer at Helgevold likevel søv godt. 

Stor aktivitet, kort horisont 

- Det har vore stor aktivitet med store oppdrag både hos Fatland og ved Bremnes Seashore sitt settefiskanlegg på Trovåg, men horisonten er kort. Det er ikkje flust med faste jobbar i tida framover, men me gler oss over auken som har vore både i industri- og privatmarknaden, seier Helgevold. 

Ombygginga av Helgevold-bygget – det gamle meieriet, for dei som hugsar det – har vore planlagt lenge. 

- Inntil nyleg har me vore vertskap både for NAV og Vindafjord kommune sin brannstasjon i Sandeid. Manglande plass til eigne aktivitetar; mellom anna lokale for bygging av elektrotavler, gjorde at me måtte seie opp avtalane med leigetakarane. Det låg i korta at NAV skulle flytte til Ølen så snart lokal i det nye rådhuset var klare, men brannstasjonen fekk forlenga leigetid i påvente av at dei skulle finna annan stad å plassere bilar og utstyr, fortel Helgevold. 

Deira plassmangel løyste seg då nabobygget, Haugesund Sparebank sine lokale rett over gata, kom for sal. 

Rask avgjerd, raske endringar 

- Eg brukte ikkje lange tida på å bestemma meg for å kjøpe. Me har leigd parkeringsplass hos banken i mange år, og no fekk eg hand om både parkeringsplassen, nye kontorlokale og ei tomt der me kunne setje opp eit nytt lager – og brannstasjon. Me har lenge hatt planar om å bygge eit såkalla kaldt lager på industriområdet på Steinsland, men ingenting er betre enn at me kan reise bygget nær kontor- og verkstadbygget vårt. Og når me først bygger, så fall det seg naturleg å tilby brannstasjonen å flytte inn i nybygget, fortel Helgevold. 

Tomta er planert, og så snart 17. mai-feiringa er over startar forskalinga av grunnmuren til eit 25 x 12,5 meter stort nybygg. Så snart bygget er oppe, flyttar brannstasjonen inn, og her skal dei etter planen halde til dei neste fem åra. Og fem til, dersom opsjonen i leigeavtalen vert tatt i bruk. 

Nytt liv i tomme lokale 

Kva han skal nytte bankbygget til i framtida er førebels berre på tankestadiet. Ingen konkrete planar så langt. 

- Med den store ombygginga av lokala våre rett over vegen får vi i denne omgang den plassen me sjølve treng, men eg vonar at me ganske snart skal blåsa nytt liv i dei tomme banklokala. Eg likar best at det er lys i vindaugo, og vonar å få inn ny aktivitet om ikkje altfor lang framtid, seier ein optimistisk Helgevold. 

Kanskje har han utviklinga for det gamle meieriet i tankane. I 1994 kjøpte han det 425 kvadratmeter store bygget, som var kjempestort i høve til trongen dei den gongen hadde for plass. I 2001 bygde dei på med nærare 1000 kvadratmeter over tre plan. 

- Før leigetakarane flytta ut var kapasiteten sprengd. Helgevold Gruppen har vakse og fått stadig nye behov for plass. Når ombygginga er over ein gong utpå hausten, rommar bygget fire leilegheiter, stor tavleverkstad, lager, møterom, kurslokale og kontorplass til sakshandsamarar og administrasjonen for heile Helgevold Gruppen. Me set av rom til demonstrasjon av utstyr, og litt handel over disk blir det òg høve til, fortel Helgevold. 

Berre framtida vil vise om Helgevold ekspanderer inn i nabobygget, eller om andre kjem inn som leigetakarar.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden