Møt framtidsbonden bak Brubekken Gårdsmeieri


Stein Brubæk driv garden og gardsysteriet Brubekken ved Sunndalsfjorden. 21. september helg han inspirasjonsmøte i Nedre Vats.

- Brubæk er kjend for sitt store engasjement for best mogleg bruk av landbruket og bygdene sine ressursar, seier næringsutviklar Eli Munkeby Serigstad ved landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland, som er ein av arrangørane bak møtet. 

Inspirasjonsmøte med Stein Brubæk

  • Torsdag 21. februar kl. 19.00  på Nesheimstunet i Nedre Vats. 
  • Inspirasjonsmøtet er gratis!

Brubæk driv garden og gardsysteriet Brubekken ved Sunndalsfjorden i Møre og Romsdal, der det blir produsert  ost, smør og rømme av mjølk frå åtte mjølkekyr og 30 geiter. Brubæk har også seterdrift, foredlar kjøt av eigne dyr og driv eit bakeri. 

- Møtet er ope for alle, men målgruppa er først og fremst bønder som tenkjer på eller har planar om å foredle produkt frå garden.  Møtet kan også vera nyttig for rådgivarar og andre landbruksinteresserte, seier Serigstad.   

Arrangørar er Bedriftsutvikling i ytre Ryfylke, Bygdeutvikling i indre Ryfylke, Lund næringsutvikling, Bjerkreim kommune, Vindafjord kommune, Utvalde kulturlandskap Suldal og Fylkesmannen i Rogaland.  Brubæk skal halda fleire møte over heile fylket. 




Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden