Innovative Ølens-elevar

Gjennom «SMART-prosjektet» har 7. klasse på Ølen skule utvikla nytenkande, berekraftige og kreative løysingar for Ølen si framtid.


 Med utgangspunkt i problemstillinga «Kva kan bli betre i Ølen? Treng me nokon nye oppfinningar?», fekk sjuandeklassingane bryne seg på nye utfordringar. Lærar Amanda Louise M. Helvik beskriv prosjektet som heilt topp.

– Eg likar ting som er litt annleis der ein ikkje treng å lesa i ei bok, men heller tenkja sjølv. Det var alt ifrå dører til paddeltennisbanen, til flygande bilar. Spennet har vore enormt stort og dei har fått vera kreative, og utan nokon føringar frå oss kjem dei alltid tilbake til miljøbevisste tankar, fortel Amanda Louise.

Fire innovative oppfinningar

Hjå 7. klasse i Ølen var dei fire grupper, med kvar sine flotte idear og prototypar. Morten Handeland og Elin Hadland Heggebø var på same gruppe og laga ein imponerande maskin.

– Me har laga ein pante-vending-maskin som tar imot pant som betaling, i staden for pengar. Forskjellige snacks kan ha forskjellig kostnad, så noko krev fleire panta flasker enn andre, forklarar Morten om oppfinninga deira.

Vidare fortel Elin at palmetreet på taket har solcellepanel på toppen, som maskinen brukar som energikjelde.

– Folk blir meir motiverte til å pante når det er ei kjekkare oppleving og ein får snacks, det vil og vera sunt for miljøet, seier Elin.

Formålet med prosjektet er å gi elevane ei utfordring som dei sjølv skal løyse. Lærarane skal ikkje legga nokon føringar og halde seg i bakgrunnen. Problemstillinga som elevane fekk krev idémyldring og avgjersler, som igjen krev samarbeid. Amanda Louise fortel at elevane har vakse mykje av prosjektet med tanke på samarbeid.

– Dei har jobba igjennom utfordringar på ein god måte der dei har snakka om det, i staden for å blir sinte og sure på kvarandre. Det å snakka om ting og gå vidare er ein svært verdifull ting å ta med seg.

Elevane sjølv er einige i at det var utfordringar med samarbeid, men at dei løyste det og kom seg vidare. Milla Tvedt Steinstø, som var med å bygde «Pantemaskin», fortel at dei brukte litt tid på å bli einige sidan dei var fleire på gruppa med kvar sine tankar og idear, men at det ordna seg og blei eit ferdig produkt.

«Pantemaskin» er ein pantemaskin som du kan ha heime. Det er ein liten boks du puttar panten din inn i, så går den i eit røyr under bakken til næraste butikk som har pantestasjon.

Image
Mia Berge Ljosnes (13) viser stolt fram nokon brune trer med fargesplæsj på toppen. Foto: Helga Klungland.

– Det gjer at folk slepp å gå til butikken for å pante, noko som kanskje medfører at fleire faktisk pantar og ikkje berre kastar det, fortel Milla.

Mia Berge Ljosnes viser stolt fram nokon brune trer med fargesplæsj på toppen. 

– Me har laga «fargetrer» som du kan putta søppel inni. Når det er nok søppel, sprutar det ut fargar og gjer Ølen litt meir fargerik. Når det ikkje er søppel der, er det brunt. Dette vil gjere folk meir motiverte til å kasta søppel etter seg, då ein er nøydd til gjera det for at det skal bli fint.

Den fjerde oppfinninga var ein flygande bil som brukte kompost til brennstoff.

Ungt Entreprenørskap

SMART er eit prosjekt av Ungt Entreprenørskap som går ut på å utvikla ein ide, bygga ein prototype og forbereda ein presentasjon av resultatet. Ungt Entreprenørskap er ein ideell, landsomfattande organisasjon som saman med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar jobbar for å få utvikla barn og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv.

– Våre program blir gjennomført i nært samarbeid med det lokale arbeids- og næringslivet. På denne måten bygger me bru mellom teori og praksis, og bidrar til å auka kreativitet og relevans i læreprosessane. Ungt Entreprenørskap er ein brubyggar mellom skule og arbeidsliv, forklarar prosjektleiar for SMART, Åslaug Kjetilsdatter Aarhus.

Kick-Off og prisutdeling

Veka starta med eit Kick-Off som prosjektleiar Åslaug haldt. Her viste ho tidlegare prosjekt frå andre SMART-deltakarar for å få elevane motiverte. Vidare hadde Åslaug regelmessig oppfølging av elevane over Teams. 

Kvar av gruppene vann ein pris:

  • Pante-Vending-maskin: Beste prototype
  • Splash: Beste presentasjon
  • Wolwo 2: Beste ide
  • Pantemaskin: Beste samarbeid


– Dei har hatt Teams-rettleiing undervegs. Det å få nokon utanfrå til å lytta og hjelpa har vore veldig greitt, fortel lærar Amanda Louise.

På fredagen då prosjektet var ferdig, kom Åslaug til Ølen skule for å sjå dei ferdige produkta. Ho fortel om skaparglede og nytenking på eit høgt nivå. Saman med ein representant frå leiinga på skulen, bedømte Åslaug oppfinningane. 

Mia, Elin, Milla, Morten og Amanda Louise er alle einige om at dette var eit kjekt prosjekt som dei fekk eit stort utbytte av, og som dei gjerne kunne gjort igjen. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden