Rekordpågang til Heiso Reis

- På grunn av den store interessa har me valt å utvida talet deltakarlag, og gler oss stort til å senda heile 11 lag med totalt 55 deltakarar, ut i felten 28. september, seier John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving. 

Saman med Medvind Næringshage arrangerer Åkrafjorden Oppleving lokalrealityen Heiso Reis for tredje året på rad, 28. september. 

Fem "ferskingar" på deltakarlista

Desse er klar for Heiso Reis 2019

  • Johansen Rør
  • Brødrene Mæland
  • Rørlegger Nils Torgrimsen
  • Småfolk Barnehage
  • Berge Sag
  • Tveit Maskin
  • SMV
  • Funtek
  • MCE
  • Helgevold Elektro
  • Tveit Regnskap
  • Omega

Fjorårsvinnarane er alltid garanterte plass til neste års Heiso Reis. Tveit Regnskap fekk difor automatisk plass på årets arrangement. 

Til liks med Tveit Rekneskap har Småfolk Barnehage deltatt kvart år, og småfolkingane stiller også til start i år. 

Helgevold Elektro og Tveit Maskin gjer comeback dette året etter å ha hatt ein pause i fjor. Begge laga var med då Heiso Reis blei arrangert i 2017. 

SMV og Berge Sag fekk tydelegvis smaken på lokalrealityen etter å ha delteke for første gang i fjor. Begge stiller også med lag dette året. 

Nykommarane Funtek, MCE og Brødrene Mæland er klar for dyst. I tillegg kan me venta oss lokalt røyrleggjar-oppgjer når både Rørlegger Nils Torgrimsen og Johansen Rør stiller til start. 

Tar 71 Grader Nord "heim"

Heiso Reis er ein lokal variant av 71 Grader Nord, der deltakarlaga i løpet av ei dagsreis skal ta seg gjennom ei ukjent løype gjennom Etne og Vindafjord. 

Kvart lag består av fem deltakarar som representerer ei bedrift eller ein organisasjon. Reisa blei for første gang arrangert i 2017, då med seks lag. Interessa for å delta har vakse seg stadig større, og i 2018 utvida arrangementet til totalt åtte lag. Dette året sender arrangørane 11 lag ut i løypa.

- Som tidlegare år legg me opp til ei heilt original løype, der det kan bli oppgåver både «til lands og til vanns». Heiso Reis skal utfordra laga på alle område, med både fysiske oppgåver, hjernetrim og kreative utfordringar. Sjølvsagt blir det i tillegg sett ein del krav til gode samarbeidsevner internt i laget. Men det viktigaste av alt er likevel at laga skal har det løye heile løypa gjennom og at dette blir ei oppleving dei kan leva lenge på. Det har me klart dei siste to åra, og så langt har me trua på at årets Heiso Reis-rute kan bli ein av dei absolutt mest innhaldsrike, seier Hustveit.

Slik såg det ut under Heiso Reis 2018

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden