Inviterer til inspirasjonsdag

24. oktober arrangerer Hatteland den årlege RamBase Inspiration Day i Stavanger. Der skal næringslivsleierar dele erfaring rundt temaet: keep, sell, grow.


RamBase inviterer næringslivsleiarar, kundar og partnarar til ein formiddag med inspirasjon.

- Dette er avgjerder næringslivsleiarar må ta tak i og me veit at me har mange i nettverket vårt som har felles erfaringar med dette. Kva tenker dei, kva er viktig når ein står ovanfor avgjerder på bedriftas vegner om å selja ut, slå saman, kjøpa opp eller rett og slett slå seg til ro med det ein har bygd, fortel Brand Manager i RamBase, Anne Louise Våge Mikkelsen. 

Dr. Nashater Deu Solheim er klar for RamBase Inspiration Day i Stavanger. Foto: EUP-Berlin GbR

- Me ønsker å inspirera nettverket vårt og dela erfaringar på tvers. Me ønsker å komma i dialog med kundar som møter slike avgjerder og tar gjerne ein prat rundt kva me kan tilby med mulighetsrommet vårt ERP system RamBase gir på sikt, legg ho til. 

Dr. Nashater Deu Solheim er moderator for dagen. Ho har 23 års praktisk forretningserfaring på tvers av ulike sektorar for myndigheiter, frivillige organisasjonar, bedrifter, helse, olje og gass. Ho er Executive Management Advisor for Efab AS og administrerande direktør i Prograssing Minds AS. 

- Nashater er saman med oss for 3. år på rad. Tidlegare som foredragshaldar, no som moderator for å stilla spørsmåla mange sikkert lurer på rundt beslutningstakerne. Kva tenkte du då, kva var viktig for dykk, kva var suksesskriteria, kva lærte de av prosessen, fortel Våge Mikkelsen

Påmeldinga er framleis open og meir informasjon finn ein på Facebook-arrangementet.  

 

På programmet 

Til arrangementet kjem fleire meritterte næringslisvsleiarar som skal intervjuast på scenen av Solheim. Dei skal gi eit innblikk i tankar rundt temaet "keep, sell or grow".

Knut Molaug, Chief Executive Officer – Aqua Robotics AS 

Tidlegare konsernsjef i Akva Group og CEO i Green Mountain. Knut Molaug har leia selskap i stor vekst og har vore med på reisa i Akva Group frå familieselskap til børsnotering og global ekspansjon. Etter å ha leia Green Mountain frå oppstart til å bli ein solid aktør i marknaden for dataleveransar starta han i 2017 frå botnen av igjen med Aqua Robotics.

Per Kverneland - Dagleg leiar VVS Prefab AS

Han vil fortelja om korleis VVS Prefab voksar og svarer på behovet til marknaden. Korleis ein planlegg, kva som skjer utan planlegging, og kva for konsekvensar veksten har og korleis den påverkar selskapets tilsette og leiing.

Øystein Kjellsen – Dagleg leiar Varme & Bad

Varme & Bad er ein landsdekkande røyrleggarkjede for både privat- og proffmarknaden med omlag 200 røyrleggarbedrifter og 1600 medarbeiderar. Dei leverar vatn, varme og energi til heile Noreg.

Stig Hatteland – CEO i Hatteland Group

Hatteland har grunnlagt og seld fleire selskap gjennom selskapets snart 50 år lange historie. No seinast Noregs første einhjørning Autostore.

- Me gler oss alltid til inspirasjonsdagen, men det kriblar litt ekstra i år. Me har hatt eit år der me har rusta opp innhaldsmarknadsføringa vår og blitt meir synlege både med filmar frå kundar og på sosiale medium. Me har fått ombord fleire kundar og partnarar i RamBase, seier Våge Mikkelsen. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden