Har godt lag med både bønder og dyr

Morgonen er så vidt i ferd med å vakna når dyrebilsjåfør Geir Bjarne Sele svingar ut frå Nortura Sandeid. I løpet av dagen skal det hentast dyr på fem gardar i Sauda og to i Suldal.


180 lam og sauer og fire stutar skal transporterast til Sandeid for bli å prima råvarer til middagar over heile landet. 

- Bøndene får beskjed fredagen om kva dag vi kjem i neste veke. Så kan dei førebu seg eller melda frå om det er naudsynt å bytta dag. Etter kvart får dei også eit omtrentleg tidspunkt, og vi held kontakt på mobiltelefon undervegs den dagen vi kjem dersom noko skulle endra seg, seier Sele. 

12. september hadde Sele 40-årsjubileum i Nortura. Dei 30 siste åra som dyrebilsjåfør busett rett bak kyrkja i Sandeid. Då 57-åringen starta var ikkje kommunikasjonen så enkel som i dag. Få hadde mobiltelefon, og det blei gjerne venting både for bonden og sjåføren. 

Få gardar der bønder er berre bønder 

- I dag er det ikkje mange gardar der bøndene berre er bønder. At dei fleste også har jobb utanfor garden, gjer at det er trong for å veta meir nøyaktig når vi kjem. Men det er dyr vi jobbar med, og plutselig kan det gå ein time ekstra med å få lasta ein stut som har slått seg vrang. Då gjer mobiltelefonen det enkelt å varsla om at ein blir forseinka, seier Sele. 

Så tidleg på morgonen er det ikkje den store trafikken på veg innover mot Sauda. Dagen lysnar, og Sele fortel om nokre av gardane på andre sida av fjorden. Innspeling av serien Vestavind og dei to Mollatveit-brørne som levde på nabogarden i mest all si tid. 

- Eg henta den siste kua og kalven deira. Då var eldstemann passert 100 år og komen på sjukeheim. Yngstemann på 97 fortalte at han skulle ta opp poteter når eg hadde reist, seier Sele. 

Frå fjord til fjell 

Vi kjem til Saudasjøen, og første stopp for dagen er nesten til topps på Ivarød. Ferda går gjennom eit bustadfelt først, før vegen blir smalare og byr på ein del hårnålssvingar. Sjølv med svært god svingradius på bilen, er nokre av dei så smale og krappe at bilen ikkje kjem rundt utan at Sele må rygga og køyra fram att. 

- Hovudvegane er blitt ein del betre sidan eg starta for 30 år sidan, men gardsvegane er dei same mange plassar. Opp her er det nesten umogeleg å køyra med stor bil vinterstid med høge brøytekantar og isete veg, seier Sele. 

Nede på hovudvegen att, set vi kursen for Hellandsbygd. Den gamle vegen mellom vest og aust er stengd om vinteren, men byr på mektige naturopplevingar med juv og stupbratte fjellsider. På vegen stoppar vi på Storli for å henta dyr. Og får veta av bonden at dette er den plassen det bles mest når det er austavind i Sauda. 

Fem fleire enn innmeld 

Når dyra frå Hellandsbygd er komne på bilen, må Sele ta ein liten stopp og rekna over listene. Ein bonde vi skal til i Sauda har nett ringd og sagt han ikkje er heime, men dyra står klare på hengar. Fem fleire enn det han har meld inn. 

- Her kunne bøndene blitt litt flinkare til å gje beskjed i betre tid om dei har færre eller fleire dyr. No er lasta rekna ut frå det som er meld inn før dagen startar. Vi får det som regel til, men det er eit puslespel innimellom. Av og til må vi også seia nei, seier Sele. 

Turen går vidare til to gardar i Sauda. Langs vegen ligg det mange gardsbruk, men ikkje alle er i drift lenger. Sele fortel at det har minka særleg på mjølke- og storfeprodusentar. Sau er omtrent som før. På ein av desse gardane var han ute for den mest alvorlege hendinga i karrieren. 

Knakk foten i møte med ein stut 

- Foten knakk fleire plassar i eit uhell med ein stut. Det var kompliserte brot, og eg måtte gå med gips på foten så lenge at ankelen låste seg sjølv om den ikkje var skadd. Då var eg sjukemeld i 18 månader. Eg fekk også knekt nokre ribbebein då ei ku kasta på seg, men var ikkje så mange dagane vekke. Eit og anna spark må ein rekna med, men det er svært sjeldan det fører til sjukedagar. Miljøet blant sjåførane er veldig bra, og det skal mykje til for at nokon ikkje kjem på jobb. Eg trur sjukefråværet vårt ligg på 0,0-eit eller anna, seier Sele. 


Godt lag med både bønder og dyr er naudsynt i denne jobben, og det er det ingen tvil om at Sele har. Dyra går lett på bilen, og bøndene ville gjerne ha prata meir med han før turen går vidare. 

Det nest siste stoppet før returen er på Tysseland i Suldal, der 80 lam og sauer spring om bord i fire puljar. Den første på fem skal fylla opp ein garde der det er 20 dyr frå før. Dei resterande blir delt på tre gardar. 

Køyrer 45-50.000 kilometer i året 

- 25-26 sauer er høveleg i kvar garde. Då har dei både greit med plass og god støtte. Du kan sjølv tenkja deg at du står på ein buss. Er det ingen andre som står, blir du slengd avgarde om bussen bråstoppar. Er det mange som står, dempar dei for kvarandre, seier Sele. 

Farten framover merkar ikkje dyra noko til. Så det gjeld å køyra slik at ein unngår bråbrems og for stor fart i krappe svingar. 

Sele reknar med at han køyrer 45-50.000 kilometer i året, og han har berre kollidert to gonger på 30 år. Eine gongen var det hans skuld. Då glei bilen på ein stor issvull ute på gardsplassen, seig inn i bonden sin bil og lagde eit stort hol i den. 

Kan lasta bilen i tre etasjar 

Dagens dyretransport byrjar å bli full, og no er det berre att fire stutar i Marvik. 

- Den største endringa til det betre er kassane på bilane. No har vi tre etasjar der garde for garde kan heisast opp og ned. Det gjer det også enkelt få ulike dyr på samme bil. No er det sau i heile øvste etasje og i dei fremste gardarne i dei to andre etasjane, slik at det er høgde og rom til dei store stutane bakerst i bilen, seier Sele. 

Dyra om bord skal til slakteriet i Sandeid, men dyretransportane fraktar også livdyr, som til dømes sauer som skal heim til gards etter fjellebeite. Dei køyrer aldri livdyr og slakt i same transport, og naudslakt blir frakta med eigne bilar. Nokre oppdrag er heller ikkje mange metrane. Når Sele har lossa dyra, svingar han bilen rundt på plassen og flyttar ei ku frå livdyrfjøsen til slaktefjøsen. 

Med papirarbeidet unnagjort, står det normalt att å spyla bilen rein. I dag blir det litt ekstraarbeid før han kan gå heim. Det må sveisast litt der stutane har stått. 

- Det er sånt som skjer av og til, seier Sele og takkar for turen, som blei 195 kilometer denne dagen. 

- Eg kan bli litt lei av og til, men aldri lenge av gongen. Noko av det kjekkaste med jobben er kontakten med bøndene, seier Sele.

Fleire jubilantar 

Nortura Sandeid kan forresten feira fleire i haust som har vore tilsette 30 og 40 år:

Mai Selland


Mai Selland (64) frå Vikedal byrja hos Nortura 1. september for 40 år sidan. Kontoret i adminstrasjonen har vore hennar plass med avrekning, faktura og å svara på telefonar som nokre av oppgåvene. 

- Eg veit ikkje om folk høyrer at det er eg som svarar, men eg kjenner i alle fall att veldig mange stemme på telefonen, fortel Selland. 

Selland er også godt kjend med gardslivet. Ho og mannen dreiv i mange år med mjølkeproduksjon og slaktegris, men ga seg med for to år sidan. 




Arild Drange


- Godt spørsmål, smiler Arild Drange (54) frå Ølen når Medvind24 spør kva han har jobba med. 

Sidan 3. august for 30 år sidan har han vore innom det meste. Kjøring av nødslakt, slakting og skjæring (har svennebrev som slaktar), hovudtillitsvald og diverse anna. 

- I dag er hovudjobben min planlegging av logistikk for slakt. Kva skal inn når, og fordeling til fabrikkane. Eg har også ansvar for fjøs, ull og klipping, seier Drange, som dessutan er dyrevernansvarleg og ein del av leiargruppa til Nortura Sandeid. 




Anne Marie Oftedal


Anne Marie Oftedal (62) frå Sandeid vart tilsett 1. mai for 30 år og jobba halv stilling dei første 10 åra medan ungane var små. No har arbeider ho på medlemssenteret, og det er mange som både kjenner hennar blide stemme og bilete på Skype. 

- Dagane går med til mellom anna avrekningar, mottak og ikkje minst mykje kontakt med bøndene. Særleg det siste er ein veldig trivelig del av arbeidsdagen, seier Oftedal, som bur rett ved Nortura.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden