Har fått fart på svingane


– Det har vore ein lang prosess som tidvis har stoppa opp, men så snart me fekk klarsignal i haust fekk me jobben ut på anbod. Det vart Vassbakk og Stol som vant denne runden og dei kom i gong med arbeidet så snart kontrakten var signert, fortel Asbjørn Opedal som er prosjektleiar frå Statens vegvesen.

For å få til ein gang- og sykkelveg på strekket mellom Frønsdal og Ølensvåg vart løysinga å legge ny veg. På halvparten av strekket vil den gamle vegen fungere som gang- og sykkelveg, medan resten vart løyst med nybygd gang- og sykkelveg bygd parallelt med bilvegen. Det vil bli satt opp gatelys langs heile vegen og dermed vil det vera opplyst veg frå Fatland til Frønsdal.

–Dette vert eit kjempeløft for trafikken her lokalt, meinar Opedal og legg til at dette må vera ein av dei verste vegstrekka ein har langs E134 i Vindafjord i dag.

Godt samspel

 Prosjektleiar i Vassbakk og Stol, Stian Nilsen er godt nøgd med eit godt og effektivt samarbeid med Vegvesenet så langt, og sjølv om temperaturmålaren har vist minusgrader i det siste meinar han at det er ein fordel for arbeidet Vassbakk og Stol utfører.

– Med dei massane me skal handtere her, så er det bra at det er kulde og dette gir oss enklare arbeidsforhold, fortel Nilsen før han legg til:

– Akkurat nå sprenger me ut stein på hovudveglinja til ein busshaldeplass, samtidig tek me ut lausmassar i ein skjering lengre vest. I tillegg til dette held me på med ein del planlegging i forhold til konstruksjonar som skal på plass.

Avansert arbeid

Arbeidet vil kome bort i elva tre stadar og det vil bli ein krevjande prosess. Dei har god dialog rundt korleis dei jobbar med dette, og Statsforvaltaren (tidligare Fylkesmann) har eigne retningslinjer for korleis dette skal løysast.

– Det har og blitt satt opp datogrenser for når denne delen av jobben kan gjerast og det skal i hovudsak skje i løpet av sommaren, legg han til.

Nærast Frønsdal skal elva flyttast 200 meter langs den nye vegen, og vegen flyttast ut i eksisterande elveløp og mykje tid vil bli brukt på arbeid for å bevare livet i elva. Det skal tas vare på grobotnen og ein skal bruke mest naturlege byggemateriale, slik at det skal bli naturleg å bu der vidare. Dette elvestrekket skal leggjast i svingar, byggjast stabilt og med fokus på at naturen skal få leve vidare i og rundt elva.

Midt på vegstrekket skal det setjast opp ei bru over elva, og her møter partane i prosjektet andre utfordringar, for her er det nemleg blaute massar.

– Nokre stader er det meir enn 25 meter ned til faste massar og for å koma fram til elva med anleggsmaskinar treng me å byggja midlertidig veg med lett fylling, seier Opedal. Det skal også setjast opp fire brukonstruksjonar og fire nye busstopp langs dei 1300 metrane med ny veg som er planlagt ferdig før jul 2022.

Vassbakk og Stol har nå mellom 15 og 20 tilsette som jobbar på dette prosjektet, men dette vil variera og på det meste reknar prosjektleiaren med å ha 30 tilsette i arbeid. Fartsgrensa rundt Espelandssvingane er satt ned til 50 kilometer i timen og Nilsen skryt av trafikantane.

–Så langt føler me at me handterer dette ganske greitt, dersom me arbeidar i trafikken brukar me lysregulering og til nå opplev me at trafikantane er tolmodige, seier Nilsen.

Løft for lokalvegen 

Det er tidvis mykje fokus i media og i distriktet generelt på utbetring av E134 aust-vest og ønskje om å få starta arbeidet med Bakka – Solheim, men prosjektleiaren er klokkeklar når det kjem til behovet for utbetringar av denne vegen i tillegg.

–Dette vil vera den lokale vegen, altså snarvegen mellom Ølensvåg og Vats sjølv når europavegen er utbetra, så dette er ein viktig investering for alle som brukar vegar her lokalt, for både mjuke og harde trafikantar, fastslår Opedal.  

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden