Gratis deig til peparkakebygda

Om berre ein liten månad opnar den årlege peparkakebygda på Ølen Senter. Peparkakedeig er allereie på plass hjå Sparebank 1 SR Bank som i år deler ut gratis deig til peparkakearkitektar i alle aldrar.


Magne Christiansen og Siri Tungesvik i Sparebank 1 SR Bank i Ølen har peparkakedeigen klar til dei som treng starthjelp for å bidra til peparkakebygda. Alle bidrag til utstillinga kan leverast i banken fram mot 24.november. 

For tredje året på rad inviterer Ølen Senter born og vaksne til å trylla fram sine peparkakebygg. 24. november opnar årets peparkakebygd, som skal vera utstilt gjennom heile adventstida. 

- Vindafjordingane har vist seg å ha eit høgt nivå på peparkakekunsten sin. Det er svært låg terskel for å delta, og me håpar på endå fleire bidrag, heilt utan krav til verken arkitektonisk utforming eller dekor. Her er alle bidrag hjarteleg velkomne om det så er store bygg, mindre hus, bilar, folk eller dyr, så lenge byggjematerialet er peparkakedeig, seier peparkakegeneral Merete Vårvik Matre. 

Og Sparebank 1 SR Bank i Ølen vil bidra til at flest moglege får sjansen til å utfolda seg med peparkakekunsten. Banksjef Magne Christiansen har kilovis med kakedeigen klar på lageret til alle som vil bidra til peparkakebygda. 

- Me ønskjer at flest moglege skal delta og deler ut gratis peparkakedeig til alle som ønskjer å bidra til peparkakebygda i år. Her er det minimalt med byggjereglar og reguleringsplanar å ta omsyn til, så absolutt alle har faktisk sjansen til å stilla ut sine verk. Dersom nokon er i vande for deig skal me bistå med det, slik at flest mogleg går moglegheit til å delta, seier Christiansen. 

Alle bidrag får diplom, og det blir trekt ein heldig vinnar som blir heiderleg premiert. 

Dei siste tre åra har Ølen Senter stilt ut ei miniatyrbygd av peparkakebygg, og i fjor kom det inn meir enn 30 bidrag.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden