Fekk gode råd om innovasjon


Amalie Vestre og broren Svein Ove Vestre var to av dei som fekk gode etablerar-tips frå Innovasjon Norge. 


«Frå Ide til marknad» var tema då Innovasjon Norge hadde kurs på Medvind24 Næringshage for potensielle og allereie aktive gründerar.  

Ti deltakarar, alle med ulike utgangspunkt og idear, blei oppmoda av Gry Moen Al-Kasim  til å nytta seg av fleire av Innovasjon Norge sine tilbod. På kurset blei deltakarane losa gjennom alt frå risiko og fallgruver, til informasjon om kva Innovasjon Norge kan bistå med både i ein oppstartsprosess og i vidare utvikling for allereie etablerte bedrifter. 

– Mange kjenner nok best til Innovasjon Norge for låne- og finansieringsmoglegheitene me tilbyr. Men det er også viktig for oss å fortelja om kva me kan bistå med utanom finansiering, fortel Al-Kasim. 

- Innovasjon Norge kan bidra med så mykje meir enn finansiering. Me har ei rekkje tenester som kan vera til nytte for både nyoppdtarta gründerbedrifter så vel som veletablerte bedrifter, påpeikar Gry Moen Al-Kasim, finansrådgjevar i Innovasjon Norge.  

Ho nemner blant anna tenester som mentor-ordning og IPR-rådgjeving for beskyttelse av idè og merkevare, som noko av det Innovasjon Norge kan bidra med. 

– Innovasjon Norge er sjølvsagt også til for etablerte bedrifter, der me kan hjelpa til med å ta det neste steget til blant anna internasjonalisering, nye felt og innovasjon. Disse moglegheitene er det godt å ha kjennskap til som bedriftseigar og gründer, fortel ho vidare. 

– Me fekk gode tips til å gå vidare med ideen vår, fortel Amalie Vestre (24) som deltok på kurset saman med broren Svein Ove Vestre (30). 

– Kurset var relevant for oss sjølv om me ikkje skal til med noko nyskapande – vår ide baserer seg på noko allereie etablert. Men her fekk me gode tips til marknadsføring, eventuelle fallgruver og statistikk. Her var det mykje som var «nice to know», fortel Vestre, som også legg vekt på at samlinga var ein god moglegheit til nettverksbygging. 

Andre deltakarar er allereie kome i gong med sine idear eller har eit etablert selskap, men søkte inspirasjon og kunnskap om vidareutvikling via kurset. 

– «Frå ide til marknad» er ein god måte for oss å kome i kontakt med gründerar. Sjølv om me ikkje nødvendigvis får jobba vidare med dei i oppstarten, kan me introdusera meto-dikk og verktøy som vil vera nyttig å vite om, fortel Al-Kasim. 

På nettsidene til Innovasjon Norge får ein også eit godt innblikk i kva ordningar dei har for å stimulere til vekst og utvikling i både nytt og eksisterande næringsliv. Her blir det lagt vekt på at Innovasjon Norge kan involvera seg dersom bedrifta har ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden, og dersom gründeren har planar om vekst for si nystarta bedrift. 

Det er også viktig at Innovasjon Norge trur på gründeren si gjennomføringsevne i tillegg til at eventuell finansiering har ein utløysande effekt for gjennomføring av prosjektet. 

– Innovasjon Norge har eit mål om at verdiar skal bli skapte over heile landet. I tillegg til landsdekkande ordningar, har me særskilde midlar til innovative prosjekt i distrikta, heiter det på nettsidene til Innovasjon Norge. 

Kurset ved Innovasjon Norge som vart gjennomført i samarbeid med Medvind24 Næringshage er ein del av næringshagen si satsing for å bistå gründarar med utvikling og oppstart. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden