Gnistrande julestemning

På fredag inviterer Gnisten til open dag med sang, kafé og sal av handlaga produkt.


- Nå held me på å gjer oss klar til open dag på fredag. Open dag har vore her i over 20 år, fortel avdelingsleiar ved Gnisten arbeids- og aktivitetssenter, Birte H. Dyngeland.

Aktivitetssenteret i Sandeid er også i år klare med mange fine julegåver og praktiske bruksting. På fredag 15. november opnar dei dørene kl 10. Rundt kl 12 blir det julemusikk, deretter er det open kafé utover dagen til dei stenger kl 18.

Øvre hylle i butikken er fyllt opp med bestselgaren tennbrikker.  Desse er laga av makulert papir, dorull og talgrestar og alle posane er pynta med eit perla hjarta. 

Open dag på Gnisten

  • 15. november kl 10.00-18.00
  • kl 12 blir det julesangar
  • Open kafé utover dagen
  • Sal av pynteprodukt og praktiske bruksting, der minst 50% av produktet er laga av brukarane på Gnisten
  • Arrangementet og bilete av fleire av produkta finn du på Facebook-sida til Gnisten som heiter Vindafjord produkter

– Dette er eit produkt der brukarane kan gjera heile jobben sjølv, og desse har blitt kjempepopulære, seier Dyngeland.

Det blir laga mykje anna også, og butikken bugnar av flotte produkt og smarte bruksting. Alt er klekka ut og laga av brukarar og tilsette. Brukarane har gjort minst 50 prosent av jobben på alt som er for sal.

Alle er hjarteleg velkomne på fredag, 15. november frå kl 10-18. Heile huset vil vera ope, og brukarane stiller som vertskap og skal visa rundt. Det blir fort fullt på parkeringsplassen, så eit godt tips er å parkera ved samfunnshuset. 

Eit verdifullt tilbod

Aktivitetssenteret flytta inn i nytt bygg i Sandeid 1. januar i 2017. Der er det rundt 500 kvadratmeter med god plass til brukarar og tilsette, og ikkje minst nye arbeidslokale, utstyr for forskjellige typar produksjon og vaktmesterteneste.

– Det betyr mykje å ha dette tilbodet. Ein person frå vaktmestertenesta har fortalt at etter at ho byrja å jobba her har fleire folk starta å helse på ho. Det kan ha ein stor verdi å vera med å gjera noko som andre set pris på, fortel Dyngeland.

Frå starten var Vindafjord aktivitetshus eit tilbod til psykisk utviklingshemma og hadde 11 brukarar. Nå er fleire kommunale tilbod slått saman på Gnisten, som i dag har 35 brukarar og ni tilsette.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden