Gler seg vilt til haustjakta 

Det er haust, det er jakttid, det er tida då Tørris Bjarne Heggen får dyrka hobbyen sin. I sitt eige viltslakteri. Tida frå tidleg i august til fram mot jul kan vera ekstra travel for bonden, tømraren, jegeren og viltslaktaren.

Ein hjort frå Vats er klar for nedskjering, modning, partering og pakking i høvelege stykke på viltslakteriet til Tørris Bjarne Heggen. Foto: Torleif Heggebø/Medvind24.

At hobbyen òg er ei god attåtnæring på garden, til liks med sagbruket Heggen har bygd opp og har planar om å utvide, er berre eit pluss, så lenge det held aktiviteten oppe.

- Eg er nok ikkje typen som er skapt for å sitja i ro, vedgår Heggen. - Eg må alltid ha noko å halda på med - seint og tidleg - anten det er å stelle sauer og storfe på garden, drive firmaet mitt som tømrar, skjere tømmer på saga mi eller slakte vilt. Det siste er berre ein hobby, vil han overtyde oss om, sjølv om det går med både timar og dagar for han og sønene i sesongen.

- Hausten og jakta er ei fin tid som eg gler meg til kvart år, vedgår han.

For sju-åtte år sidan flytta han hobbyen ut frå kjøkenbenken heime på garden. Det blei for liten plass til stell av kjøtet og fisken han kom heim med frå eiga jakt og fisking. Eit eige viltslakteri måtte til. Heggen viltslakteri blei etablert og lokala godkjende av Mattilsynet. Eigenproduksjon vart utvida til vilthandtering òg for andre jegerar og ei attåtnæring for garden.

Erfaren kjøtskjerar og feltkontrollør

Heggen har lang erfaring som slaktar og kjøtskjerar etter over 14 års arbeid hos Fatland i Ølen. Som jeger har han mange års erfaring i handtering av vilt som elg, reinsdyr, hjort og rådyr.

- Etableringa av viltslakteriet opna for å ta imot dyr frå andre, og har gitt arbeid for både meg sjølv og sønene mine. I sesongen blir det ofte ein del kvelds- og helgearbeid. Litt ekstra innkome til garden blir det jo òg, medgir Heggen.

Kundane er stort sett privatpersonar - jegerar som vil ha viltet sitt partert, laga til og pakka på en best mogleg måte. Som godkjent feltkontrollør kunne Heggen levert ferdige råvarer til hotell og andre institusjonar som tilbyr kjøtprodukt til sine kundar. Men det er ikkje aktuelt no.

- Då måtte det vore snakk om større mengder enn det me handsamar i dag, noko som hadde medført mykje meir arbeid, så førebels har eg ingen planar om slik satsing, seier Heggen, som heller vil utvida sagbruket når berre jakt- og slaktesesongen er over.

Deler på kunnskapen

Dei siste tre åra har Heggen vore engasjert av Vindafjord Jakt- og Fiskelag (VJFL) for å halda kurs i handsaming av felt vilt. VJFL tilrår kurset for alle nye jegerar.

- Rett handsaming av viltet er avgjerande for kjøtkvaliteten, og det er viktig at jegerane har kunnskap om korleis dei skal gå fram etter felling av viltet. Ikkje minst er det viktig å ha med seg godt utstyr til handsaming av hjorten eller elgen etter at han er skoten. Det kan òg vera greitt å vite korleis ein best skal unngå forureining av kjøtet og korleis ein skal foredla det på ein mest mogleg god og hygienisk måte, seier kurshaldaren.

På kurset lærer deltakarane alt frå val av knivar og anna utstyr, korleis ein skal opne dyret, undersøke og fjerne innvollar og korleis ein best skal flå dyret. Mørning og partering av skrottane er sjølvsagt òg ein del av kurset.

- Alt etter kva ein skal nytte kjøtet til så er rett modning viktig. Kjøt som skal nyttast til kjøtdeig blir best ved kortast mogleg hengetid, mens biffkjøt treng og tåler lang modningstid. Jegerane treng elles å vite korleis dyret skal parterast for å få dei beste stykka av kvart produkt, anten det er snakk om steiker, kotelettar eller biffar, seier Heggen.

Han ser elles ein tendens til at folk no vil ha meir biff og mindre steik, anten det er snakk om vilt eller tamt. Det går i trendar. Sjølv har han - av alle ting - grisekjøt som sin favorittmat.

- Grisekjøt er godt eigna til uteljande mange og varierte matrettar, meiner Heggen.

Om han lagar til maten sjølv?

- Nei, der går grensa, ler hobbyslaktaren.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden