Gjev råd til bøndene på Haugalandet

Er du bonde og på jakt etter gode råd, er Rogaland Landbruksrådgjeving eit godt alternativ. Dei kan hjelpa med alt frå søknadar til grøfteplanlegging, fôrformidling og helse, miljø og tryggleik.


I fleire saker framover vil Medvind24 presentera kva dette allsidige kontorfellesskapet kan tilby av tenester.

11. september 2006 opna landbruks- og matminister Terje Riis- Johansen Landbrukets Hus i Ølen. Tine, Vestskog, Tveit regnskap, Vindafjord Avløysarlag, Haugaland Landbruksrådgjeving og eit prosjektleiarkontor kunne då offisielt ta i bruk kontorfellesskapet i 2. etasje i Ølen Senter. 

Alle verksemdene som var med frå starten er framleis med 11 år etter, men nokre av dei har skifta namn. Blant andre Haugaland Landbruksrådgjeving som no heiter Rogaland Landbruksrådgjeving. 

- Haugaland vart slått saman med Rogaland ved nyttår, og kontoret her i Ølen har også fått ansvaret for Sauda og Suldal. Området vårt, inkludert Etne, er blitt så stort at vi treng fleire tilsette. Ein fjerde rådgjevar, Anders Wæraas Aune, flyttar frå Jæren til Vindafjord og kjem på plass no i oktober. I løpet av det kommande året vil ein femte rådgjevar bli tilsett, seier Magnus Haugland. 

Eit aktivt jordbruksmiljø 

Han utgjer saman med Harald Hetland og Lars Kjetil Flesland det tremann sterke rådgjevingskontoret i skrivande stund. Blant oppgåvene er å lage gjødselplanar, forsøk på ulike grovfôrvekster, informasjon og nyhendeskriv, grøfteplanlegging, fôrformidling og HMS-rådgjeving. 

- Mykje av arbeidet vårt er dessutan retta mot å hjelpa bøndene med søknadar, rapportar og andre ting i papirmølla som ikkje har blitt mindre med åra. Vi har eit godt og veldig aktivt jordbruksmiljø i distriktet vårt, og det gjer jobben vår veldig interessant, seier Haugland. 

Alle tre driv gard, og har som resten av bøndene på Vestlandet fått merka den kalde og våte sommaren. Framleis er det gardsbruk i Vindafjord som ikkje har fått tatt førsteslåtten, og ein del har gjeve opp andreslåtten. 

Må takla klimaendringane framover 

- Det er eit heilt spesielt år for grovfôrproduksjonen. Kvaliteten på graset går sakte nedover når temperaturen blir lågare, men i år har det viktigaste vore å få i hus volum framfor kvalitet. Perioden med tørrare vêr var ikkje nok til at alle kunne slå. Nokre har fått berga litt, medan andre har gjeve opp fordi kvaliteten er for dårleg, seier Haugland. 

Rådgjevarane har fått mange telefonar frå uroa bønder dei siste månadane. Gode råd er ikkje dyre, men det kan vera vanskelege val å ta, eller sjå at det finnest viktigare ting enn gras i livet. 

- Ein dårleg sommar kan dei aller fleste bøndene tåla, men det er tøft når ein driv marginalt. Og det er tøft å bli dagleg påminna om alt ein ikkje får gjort på grunn av regnet. Sommarvêret er sjeldan likt frå år til år, og neste sommar kan bli veldig bra. Samstundes er vi nøydde til å ta inn over oss at klimaendringane vil gje auka nedbør på vår kant av landet. Her kan vi mellom anna gje råd om kva den enkelte bonde kan gjera for å takla dette på best mogeleg måte, seier Haugland. 

Har eksplodert med ugras 

Ei anna utfordring som har dukka opp i sommar, er store mengder ugras. 

- Vi er ferd med å få same ugrasproblematikken som i Danmark og Storbritannia. Nye ugrassortar har dukka opp, og gamle velkjende sortar som siv har øydelagt mange beite her i distriktet. Siv har ikkje vore noko problem før, men har ein ikkje sørga for å fjerna sivet, dannar det seg store frøbankar i beitet som nærast eksploderer når ein får milde vintrar og våte somrar. Førekomsten av landøyda har også eksplodert. Får dyra i seg denne planten på beite eller i fôret, døyr dei. Det einaste som hjelper på begge deler er å luka eller sprøyta, seier Haugland. 

Bondeyrket har i mange år vore høgt oppe på lista over yrke som er utsette for alvorleg ulukker eller dødsulukker. Dette er i ferd med å endra seg. 

Viktig HMS-arbeid 

- Det går på haldningar, og her har vi sett ei betring dei seinare åra. Hovudårsaka til at bønder døyr, er at dei ikkje brukar setebelte i traktoren. Ulukker knytt til arbeid på låven er nesten heilt vekke. Å bruka setebelte er eit enkelt tiltak, som saman med andre små, enkle tiltak reduserer sjansen for uønska hendingar drastisk. Her er dei unge bøndene mykje betre enn dei eldre, seier Haugland. 

Bondeyrket kan vera eit einsamt yrke, og mange bønder er åleine gjennom arbeidsdagen. Den psykiske helsa til bøndene har derfor eit særskild fokus i HMS-arbeidet. 

- Fungerer ikkje ein bonde, er det større risiko for at konsekvensane blir store. Både i form av dyretragediar og folk si helse. Vi har samtalar på telefon, men reiser også ut til folk. Å sortera litt og finna fram til kva som er viktig og uviktig, samt hjelpa til med å sjå løysingar, kan vera nok til at folk får perspektiv på ting og kjem seg vidare, seier Haugland. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden