Gåvedryss og fibersatsing frå SØK

SØK satsar på fiberutbygging og bidrar med over 700 000 kroner til utbygging i 2018. Samstundes er det sett av nærare halvannan million til bygde- og næringsutvikling, barne-, ungdoms- og sogelagsarbeid.


Ølen IL er ein av  laga i som får støtte frå SØK dette året. Til saman har SØK sett av  600 000 kroner til forsamlingshus, barne- og ungdomsarbeid. Foto: Svein Egil Økland. 


SØK fekk om lag 4,8 millionar kroner i utbyte frå Haugaland Kraft i 2018, og førre veke vedtok SØK-styret disponering av nærare 2,2 millionar kroner av utbytet. 

Friviljuge lag, organisasjonar og grendelag får betydelege delar av potten, medan fiberutbygging i SØK-området får størstedelen av satsinga. 

Det er framleis ein del kvite flekkar på fiber-kartet, og det er ei prioritert oppgåve for SØK å bidra til at flest mogleg kan få tilbod om fiber, påpeikar styreleiar Gunnar Dalen. 

Styreleiar i SØK, Gunnar Dalen. 

- Dei områda som nå er utan fiber, har det til felles at utbyggingskostnadane er store og kundegrunnlaget lite. For å utløysa utbygging må den toppfinansierast. Dette vil SØK vera med på, og me har sett av 720 000 kr til dette føremålet i 2018. Me ser også for oss liknande bidrag i åra framover. Frå før har Haugaland Kraft sett av 5 millionar kroner til fiberutbygging i slike område, og i tillegg har kommunane tilgang på midlar til slike føremål. Etter drøfting med kommunane vil me koma med ei tilråding til Haugaland Kraft om kor me ønskjer å bruka pengane for 2018, seier Dalen. 

SØK har gjennom årlege løyvingar til grendelag bidratt til bygde- og næringsutvikling. Dei sju grendelaga i SØK sitt tidlegare konsesjonsområde får i denne runden tildelt totalt 720 000 kroner. 

- Me skal ikkje driva bygde- og næringsutvikling i eigen regi, men delegerer dette til grendelaga gjennom økonomisk støtte. Me oppmodar alle som har gode bygdeutviklings-, trivsels- eller næringsutviklingsprosjekt om å søkja på denne støtta frå grendelaga, seier Dalen. 

På toppen av lista ligg Skånevik Bygdeutviklingslag, som har motteke meir enn ein halv million kroner når ein ser 2017 og 2018 under eitt. 

Styret har også sett av 600 000 kroner til drift av forsamlingshus og barne- og ungdomsarbeid i 2018, i tillegg til 120 000 kroner til kulturarv og sogelagsarbeid. 

- Tildeling av støtte baserer seg på søknadane me har fått inn, og på rapport om bruken av tidlegare tildelingar. Me ønskjer å auka stimulansen til aktivitet for barn og unge under 16 år, og har difor auka satsen for støtte per medlem med 30% for 2018, opp til 200 kr per aktivt medlem, fortel Dalen, som takkar for den store interessa. 

 - Alle som har motteke støtte blir invitert til eit kontaktmøte til våren, før ny søknadsrunde hausten 2019. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden