Gaselle frå Skjold med sans for lærlingar

Dei hadde hårete mål om å kunne veksa jamt og trutt då dei hausten 2011 bestemte seg for å starte eiga bedrift. Søskenbarna Henrik og Rainer Kalstveit har med stort pågangsmot og hjelp av gode lærlingar lukkast så langt.

Kalstveit Bygg hadde sitt første heile driftsår i 2012. Med bakgrunn i omsetningstala frå det året fram til utgangen av 2015, kom dei med på Dagens Næringsliv sine lister over gasellar i Rogaland no i år. Det er ikkje alle bedrifter som kan skryte på seg den status etter berre fire heile driftsår. Mellom kriteria er nemleg at verksemda har hatt over millionen i omsetnad første året i fireårsperioden, og kan vise til ei dobling av omsetninga kvart av åra vidare. 

- Me starta bedrifta i ei god tid kor pilene for det meste her i landet peika oppover. Aktivitetane i alle bransjar var høge, og det var nok arbeid å få for dei som ville. Stort sett var ordreboka vår full eit års tid framover i tid, og målet om å vakse var ikkje så vanskeleg å oppnå. Det er trongare tider og større konkurranse om oppdraga i dag. Sjølv på små tilbygg på fem-seks kvadratmeter opplever me å konkurrera med dei store aktørane i marknaden, fortel dagleg leiar Henrik Kalstveit. 

Fotballproff eller snikkar 

For Henrik sin del var vegen staka ut alt medan han gjekk på skulen i Skjold. Han vil ikkje heilt innrømme at han er arveleg belasta med far og onklar i bransjen, men gir rådgjevaren på skulen litt av skulda. 

- Det var vel i sløyd og gym eg gjorde det best, så valet stod mellom å bli profesjonell fotballspelar eller snikkar. Rådgjevaren meinte det siste, og slik blei det, fortel Kalstveit. 

Etter ei tid som snikkar saman med far Øystein i Kalstveit & Vik, ville han ha større utfordringar. Med ein lengre veg fram mot mogleg jobb som byggeleiar eller liknande, freista det meir å starte for seg sjølv då lysten på større utfordringar vaks fram, og sjansen baud seg. 

- Rainer, søskenbarnet mitt, var gravemaskinførar hos Sandsgård på Bjoa. Som meg var han litt lei av det han heldt på med, og drøsen oss imellom førte raskt til realisering av eige firma. Me fekk med oss onkel Jan Erik på eigarsida og kom i gong 1. oktober 2011. Første oppdraget var for Møbelringen, minnest Kalstveit. 

Lærlingar har vore viktige for utviklinga 

Henrik hadde fagbrevet, Rainer starta som lærling. Og nettopp lærlingar har vore viktig for utviklinga av det unge selskapet. 

- Heilt frå starten har me vore klare på at me ønskjer å ha med oss minst ein lærling til ei kvar tid. Alt før Rainer fekk sitt fagbrev, så fekk me inn ein ny lærling. Den siste tok me inn for nokre månadar sidan. Han hadde vore eitt år i anna verksemd, men søkte betre oppfølging, og valde oss ut frå historia vår som lærebedrift. Fleire av dei me har hatt inne har forresten starta for seg sjølve etterpå. Sjølv om me sjølvsagt skulle hatt dei me lærer opp med oss vidare, så er det jo ein del av utviklinga at me får fram nye fagfolk til bransjen, seier Kalstveit. 

Sjølve tok dei to gründerane teknisk fagskule på kveldstid, via internett, medan dei bygde opp verksemda. 

- Det var ei tøff tid der me skulle få verksemda opp og stå, halda orden på drifta og sjå til at lærlingar fekk den oppfølginga dei trong, samstundes som me gjekk på kveldsskule, minnes Kalstveit, men legg til at det var verdt strevet. 

Han understrekar og kor viktig samarbeidet med Haugaland Opplæringskontor har vore i arbeidet med lærlingane. 

- Dei har skaffa oss godt fungerande ungdomar som har gått inn og gjort dugande jobbar for verksemda, og på den måten vore med og utvikla oss til det me er i dag, skryt dagleg leiar. 

Trongare tider ikkje berre negativt 

- Trass i at det for tida er mange om beinet når det skal reknast på tilbod, så er ikkje dei tronge tidene berre negative for oss. Ei stund var det svært mange aktørar i bransjen, slik det ofte er i gode tider, og mange ville bli snikrar. Det var stor tilgang på lærlingar, og alle fekk læreplass, anten dei eigna seg i faget eller ikkje. Heilt slik er det ikkje i dag. Utvalet av lærlingar er det same, men kampen om læreplass er større. Studentane må prestere og vise større interesse for faget. Kompetansen blir betre. Dette kjem både oss og kundane til gode, meiner Kalstveit.

Han ser lyst på framtida for Kalstveit Bygg, og kan fortelja om ordrebøker med oppdrag for heile arbeidsstokken på sju i nokre månadar for nokre og opp til over halvåret framover for andre. 

- Ikkje minst har eit godt samarbeid med Veidekke sikra oss mange, lange og gode oppdrag på store prosjekt dei har hatt, men òg oppdrag på den private husmarknaden har halde oss i arbeid, seier Kalstveit og røper at han har tru på at sju skal bli til 10 om nokre år, når marknaden snart snur igjen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden