Fysisk aktivitet gir god folkehelse


– Hjelle er ein dyktig føredragshaldar som ikkje minst er veldig engasjert i å vise kor positiv effekt fysisk aktivitet har på helsa, også psykisk. Han er omtalt som treningslegen, sidan han ofte tar pasientane med seg ut på treningstur, seier leiar i Etne og Vindafjord Mental Helse, Sølvi Eide Lunde.

Det er Etne og Vindafjord Mental Helse, Vindafjord Arbeidsgivarforum, Frisk Treningssenter samt Etne og Vindafjord kommune ved tenester for psykisk helse, rus og helsesjukepleie som inviterer til arrangementet i samband med Verdsdagen for psykisk helse. Føredraget er gratis, og Lunde meiner det vil passe for folk i alle aldrar, med både god og dårlegare kondisjon.

– Eg trur alle vil ha utbytte av dette, tidlegare på dagen skal han og snakke til elevar på dei vidaregåande skulane. Det handlar jo om å vise korleis fysisk aktivitet kan bidra til auka meistring og betre livskvalitet i kvardagen. Det er mykje forsking som underbygger samanhengen mellom fysisk og psykisk helse.

Ole Petter Hjelle har bakgrunn som lege og toppidrettsutøvar med NM-gull i maraton og over 7500 fallskjermhopp unnagjort . Han har 15 år med erfaring frå privat næringsliv, og held føredrag om leiing med hjernen i fokus. Han har også gitt ut bøkene «Sterk hjerne med aktiv kropp» og «Lev til du blir 100».

– Me bestilte opphavleg dette føredraget før koronapandemien starta, men me ynskte å få han live på scena her og valde difor å utsetje. Det er ekstra kjekt at me får dette til no. Han vil og kaste eit blikk på kva denne perioden har gjort med oss, både fysisk og psykisk, fortel Lunde.

– Eg trur dei som var mest sårbare og einsame frå før, og som kanskje ikkje fekk sin naturlege plass i ein kohort i koronatida, har hatt det ekstra vanskeleg, seier ho og takkar både bedrifter, kommunane og organisasjonane som har støtta arrangementet slik at ein no kan tilby dette føredraget gratis.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden