Fusjonerer for å skape arbeidsplassar

Suldal Transport AS og Miniekspress-selskapa dannar no det nye morselskapet Nor-Log Gruppen AS. Målet med fusjonen er å skape fleire arbeidsplassar i norsk transportbransje.


Eigar av Suldal Transport Rune Furseth ser fram til å gi eit sterkare og breiare kundetilbod i marknaden etter fusjonen mellom Suldal Transport AS og Miniekspress-selskapa. 

Suldal Transport AS og Miniekspress-selskapa samarbeider allereie i dag på fleire område, noko som gir begge selskapa fortrinn gjennom auka geografisk dekning og eit sterkare kundetilbod. No utviklar dei samarbeidet og dannar eit nytt morselskap som både skal sikre eksisterande arbeidsplassar i norsk transportbransje i tillegg til å danne grunnlag for nye. Det er også viktig for selskapa at dei framleis sikrar lokal tilknyting.

Rustar selskapa digitalt

- Suldal Transport AS og alle Miniekspress-selskapa vil bestå som i dag, med lokal leiing og styring slik kundane er vane med. Dei skal også levere transporttenester av beste kvalitet til kundane i sine respektive lokalmarknadar, akkurat som i dag, skriv noverande eigar av Suldal Transport, Rune Furseth og eigar av Miniekspress Transport AS, Kjell Skatvedt i ei pressemelding.

Nor-Log Gruppen AS kjøper alle aksjane i selskapa Suldal Transport AS og Miniekspress Transport AS.

  - Transaksjonen set selskapa i stand til å møte framtida på ein tryggare og meir offensiv måte. Dette gir eit sterkare og breiare kundetilbod i marknaden og ein plattform for framtidig utviklingsarbeid til beste for både eksisterande og nye kundar, meiner Furseth og Skatvedt.

- Me arbeider også med ei ny, teknologisk løysing for gruppa, seier Rune Furseth som på dette stadiet ikkje vil seie meir om kva løysinga inneber.

Det er ikkje første gongen Furseth set i gang med digital utvikling, firmaet Admmit som tilbyr program og system for å effektivisere administrasjonen i bedrifter er også ein direkte spin-off frå Suldal Transport. Systemet sparer administrasjonstid, gir betre styringsverktøy og skaper meirverdi for kundane.

- Det me utviklar no er nok i same gata som Admmit, utan at me kan seie så mykje meir, fortel Rune Furseth.

Solid morselskap

Suldal Transport er i dag blant dei største private transportørane i Noreg. Selskapet som vart stifta i 1919 har 100-årsjubiluem i år. Selskapet har solid fotfeste i Sør-Noreg, gjennom matvaredistribusjon, stykkgodsdistribusjon og kranbilar på Sand, Odda, Norheimsund, Aksdal, Oslo, Bergen og Stavanger. Miniekspress Transport AS blei etablert i Sandefjord i 1979, etter 40 år er bedrifta morselskapet i konsernet med hovudsete på Borgeskogen i Stokke kommune. Nor-Log Gruppen AS vil etter fusjonen mellom Suldal Transport AS og Miniekspress Transport AS bestå av 450 tilsette med 210 lastebilar. Det nye morselskapet rår over 10 lokasjonar og sju terminalar, og vil truleg få ei samla omsetnad på om lag 700 millionar kroner i 2019.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden