Framleis mogeleg å nytta seg av gåvepakke

Skogeigarene i Vindafjord har i to år kunna få dekka 70 prosent av kostnadane til nye skogbruksplanar. No hastar det for dei som ikkje har nytta seg av denne gåvepakka frå staten.

Vindafjord kommune er den nest største skogbrukskommunen i Rogaland med vel 200.000 dekar produktiv skog. Den gamle skogbruksplanen blei utarbeidd på 90-talet, og ein revisjon og oppdatering nærmar seg no avslutning. 150.000 dekar er ferdig kartlagt i den nye skog- og miljøplanen som blir utarbeida på grunnlag av mellom anna laserskanning med fly. 

- Med dei nye webbaserte planane får vi eit verktøy for vår tid. Alt av endringar, som hogst og skogskulturarbeid, blir fortløpande oppdatert. Dermed vil vi heile tida ha ein ajourført plan for både grunneigarane og forvaltninga, og den vil vera tilgjengeleg på internett, seier skogbruksansvarleg Gitte Halvorsen i Vindafjord kommune.  

Krav om miljøregistrering for å få hogga 

Det er eit krav at alle skogeigarar med meir enn 100 dekar produktiv skog skal ha miljøregistrering og dokumentasjon av miljøverdiar, såkalla MiS, for å kunna hogga og levera tømmer til sertifiserte oppkjøparar. Staten har dei siste to åra tilbydd å dekka 70 prosent av kostnadane til ny områdetaksering og utarbeiding av skogbruksplanar med MiS i Vindafjord. Til resten av kostnadane kan ein mellom anna nytta skogfondet med 85 prosent skattefordel. 

- Det er med andre ord mogeleg å få dekka det aller meste av kostnader. Prosjektet er no i sluttfasen, og dei som ikkje har nytta seg av denne gåvapakka bør gjera det snarast. Når prosjektet er avslutta, må ein sjølv kosta heile områdetakseringa og MiS-dokumentasjonen, sier Halvorsen. 

For dei som nyttar seg av tilskotet, vil kostnaden i utgangspunktet bli rundt sju kroner per dekar. Det er nokre faste kostnadar, slik at det er sett ein minstepris på 1.500 kroner. Kostnaden utan tilskot er vel det tredoble per dekar. Moms kjem i tillegg.  

Full oversikt over eigne ressursar

- Den nye skogbruks- og miljøplanen vil vera eit godt verktøy for å få full oversikt over eigne ressursar. Noko som vil gje godt grunnlag for god økonomisk og fagleg planlegging for tiltak som hogst, planting og bygging av vegar, seier Halvorsen.  

Til no har kommunen fått bestilling på planar for vel 70.000 dekar. Er du ein av dei som framleis sit på gjerdet, kan du ta kontakt med Halvorsen for meir informasjon om korleis du skal bestilla plan. I skogbruksplanen får du mellom anna oversikt over storleiken på eigedomen, treslag, tilvekst, bonitet, kubikkmasse, behandlingsforslag og miljøregistreringar.  

At skogbruksplanen no blir digital og tilgjengeleg via internett, betyr ikkje at kven som helst kan gå inn og sjekka din plan og dine tal. Planen er eit privat dokument som blir handsama konfidensielt, og innhaldet kan ikkje brukast offentleg eller utleverast til andre utan ditt samtykke. Informasjonen er likevel tilgjengeleg for fylkesmannen og kommunen for rådgjevings-, planleggings- og forvaltningsoppgåver.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden