Frå barnehage til lærlingar

Anette Lauareid Hovda blir ny dagleg leiar i Haugaland Opplæringskontor. – Eg ser fram til å jobbe med ungdommar, me treng fleire flinke fagarbeidarar i alle fag, seier ho.

Etter 26 år i jobben som dagleg leiar i opplæringskontoret blir Bjørn Johannesen pensjonist og gir altså stafettpinnen vidare.   Anette Lauraeid Hovda er i dag eigar og drivar av Småfolk barnehage i Etne. Barnehagen blir no selt til nye eigarar, noko som og er bakteppet for at Anette er klar for ny jobb.

– Eg er spent på å ta fatt  på den nye jobben sjølv om bakgrunnen for at eg skiftar beite er trist. Stillinga som dagleg leiar i opplæringskontoret virka så spanande at eg gjerne vil prøve det. Me treng fleire dyktige fagfolk, og rekruttering er eit av dei største teamaene for næringslivet vårt framover. Dette er ein viktig jobb, og eg er audmjuk for å få tilliten, seier ho. 

Anette har god kjennskap til den nye jobben sidan ho har mange år bak seg som styreleiar i selskapet, og ikkje minst sjølv har vore fagleg leiar for mange lærlingar i barnehagen. 

Les også: Leitar etter ny læregeneral

Viktig rekruttering

1.november startar ho  i den nye stillinga, og får med seg ein månad overlapping med Bjørn Johannesen som har mykje erfaring og kunnskap. 

– Dette er jo på mange måtar heilt nytt for meg sjølv om eg kjenner selskapet godt. Difor er det så viktig at Bjørn blir med ei stund vidare, og kan bidra til eg får oversikt over oppgåvene, seier Anette.

Ho meiner rekruttering og god kommunikasjon mellom ungdommar, foreldre, skular og bedrifter blir sentralt framover.

– Eg har inntrykk av at mange ungdommar ynskjer seg vidare på høgare utdanning, så det blir viktig å synleggjere endå fleire fordelar og gevinstar av å bli fagarbeidar. Ein treng nok også politikarane endå meir på banen for å kunne ta i mot fleire lærlingar, meiner Anette. 

– Og foreldra sine meiningar betyr kanskje meir enn ein trur, om det er bevisst eller ei. Det er og ei målgruppe me bør jobbe med framover. 

– Korleis skal ein nå ungdommane tenkjer du, må ein endre på kommunikasjonskanalane? 

– Eg tenkjer at det er nokre steinar som trengs å snus ja, og så må me prøve oss litt fram. Eg skal først og fremst få oversikt før eg går inn i korleis me skal jobbe vidare. 

 

Vil bygge relasjonar

Som utdanna barnehagelærar med tilleggsutdanning i leiing er Anette oppteken av å bygge relasjonar.  No er ho og i gang med ein master i famlieterapi og relasjonelt arbeid i organisasjonar. 

– Eg syns jo generelt alle menneskemøte er spanande, så egg ler meg til å møte både dei som driv bedriftene, ungdommane og foreldra. Sjølv om eg skal ha kontor så blir nok mykje av dagen brukt i bil, det er viktig å reise ut for å treffast på der ungdommane er. 

Ho trur og bakgrunnen som gründer kan vere viktig kompetanse å ta med seg inn i den nye jobben. 

– Det trur eg nok, sidan eg forstår korleis bedriftene tenkjer, og kva utfordringar dei sit med. Mange slit jo med rekruttering innan mange fagfelt, det må me jobbe konkret med vidare, meiner ho. 

Bjørn Johannesen er på side glad for at arvtakaren er på plass. 

– Eg takkar for meg i ein lærerik, meiningsfull og interessant jobb og er trygg på at styret har tilsett ein godt kvalifisert etterfølgjar, skriv han i ei pressemelding.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden