Leitar etter ny læregeneral

– Motivasjonen min har alltid vore at ungdommane skal lukkast med det dei drøymer om, seier Bjørn Johannesen i Haugaland Opplæringskontor. No blir han pensjonist, og jobben som mentor og rådgjevar for lærlingane blir dermed ledig.

Bjørn Johannesen går snart av med pensjon, dermed er Haugland Opplæringskontor på jakt etter ny leiar. Foto: Kristian Risanger.

Han starta opp i jobben på Haugaland Opplæringskontor i 1997, og trur sjølv han har bistått heile 7–800 ungdommar gjennom fagbrevet. Han har motivert dei som var i ferd med å gi opp draumen om læreplass, rådgitt dei som er usikre på kva veg dei skal velje, og fylgt opp bedriftene som tar inn lærlingane. Han kan ikkje få rost dei nok, verken ungdommane eller bedriftene. 

– Ungdommane er flotte, og det har vore kjekt å jobbe med dei. Dei fleste av dei er mellom 17 og 20 år, det er ein fin utviklingsfase. Du ser ein viss forskjell frå du ynskjer dei velkommen til du gratulerer dei med fagbrev, seier han og viser til at systemet rundt har endra seg meir enn ungdommane gjennom åra. 

– Systemet har endra seg. Det har blitt sikrare, og ikkje så tilfeldig kven som får læreplass og kjem seg fram til ferdig fagbrev. 

Bjørn tel opp mot 20 ulike bransjar han og Haugaland Opplæringskontor har jobba med gjennom åra. Stort sett har dei vore innom det meste forutan røyrleggar og elektrikar. 

– Det er ofte slik i distrikta, at opplæringskontora satsar på breidda, me har ikkje så mange som er spesialiserte, fortel han. 

Imponert over bedriftene

Bjørn er oppteken av bedriftene som tar inn lærlingar, gir dei tett oppfølging og investerer i framtidig rekruttering. 

– Eg er imponert over kor fleksible bedriftene er, og korleis dei stiller opp. Dei er gode pedagogar, eg tar av meg hatten for bedriftene altså. 

Han viser til at det stort sett er behov for lærlingar i alle fag i distriktet, som for Haugaland Opplæringskontor sin del i stor grad er kommunane Vindafjord og Etne. 

– Me har stort sett læreplassar til alle som ynskjer det, mange bedrifter endar nok opp utan lærlingar sidan det blir færre elevar som vel yrkesfag. Me har blant anna merka oss ein markant nedgang i helse- og oppvekstfag. Dette er jo store fag som er viktige for kommunane våre blant anna. 

– Korleis kan ein få fleire til å velje yrkesfag?  – Ja, det er jo det store spørsmålet. Halvparten vel det jo allereie, men eg trur det hadde vore aktuelt for fleire viss dei såg potensialet i å ha fagbrev i botn, og så studere vidare etter det. Då får ein ofte ein unik kompetanse, og det er mykje enklare å ha noko praktisk å henge teorien på. Det er enklare å studere til sjukepleiar viss ein har to år med helsefagarbeidar som grunnlag, seier Bjørn. 

 Viktig med respekt

– Og no skal du bli pensjonist? 

– Ja, no skal eg gjere ting eg ikkje kan, haha. 

Bjørn er klar for ei ny tid, og dermed er jobben med å fylgje opp lærlingane og bedriftene ledig, og ventar på den rette personen. 

– Det bør vel vere ein kloning av meg det då? Neida, det står jo lite om kva formell kompetanse som trengs i annonsa, men det er ein fordel om ein er god på relasjonsbygging, og har respekt for det dei held på med ute i bedriftene. Ein må og vere nysgjerrig på det som rører seg. Då kjem ein langt. 

– Er det noko eg sit igjen med etter desse åra så er det respekt for dei som jobbar i bedriftene, og faga dei er så gode i. Det kan vere jobbar som ser enkle ut, men som eigentleg er ganske avanserte. Det har imponert meg. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden