Frå geograf til fotograf med noko attåt

Mange som den siste tida har vorte arbeidsledige har vurdert å starte eiga bedrift, men lete det bli med tanken. Monica Nesheim er ikkje ei av dei.


I fjor haust vart ho permitert. I juni registrerte ho Monica Nesheim Studio i Brønnøysundregistra under bransjen fotografering og grafisk design. Nesheim ville realisera gamle draumar om eiga fotobedrift; med noko attåt. 

- Det er ein draum eg alltid har hatt. Då eg skulle velje studieretning, stod det mellom fotografutdanning og ei eller anna ingeniørutdanning. Det blei geograf av meg. Eg var redd fotografyrket kunne vera uføreseieleg og utrygt, fortel Nesheim. 

Litt ironisk då at nedgangstider i bransjen ho valde skulle til for å realisere draumen om å bli fotograf. Ho har halde interessa for fotografering ved like og deltatt på fleire kurs og arrangement opp gjennom åra for å læra mest mogleg om fotografering. 

Monica Nesheim har innreia eige fotostudio heime i Nedre Vats. Ho samarbeider med leverandørar og vil etter kvart tilby det meste innan fotografering og tilbehør. Foto: Monica Nesheim Studio

- På same tid som eg vart permittert hadde eg planlagt å delta på foto-workshop i London. FotoErik i Haugesund har arrangert fleire slike workshops, og denne gongen vart det ekstra interessant å suge til seg kunnskap. Ei hektisk langhelg der me sprang rundt frå morgon til kveld, fotograferte og diskuterte teknikkar og lyssetting, vart avslutta med nattfotografering i byens gater. Alle ikledd nattdrakter. Det var ei lærerik helg, og inspirasjon for meg til å gå vidare mot det å bli fotograf, fortel Nesheim. 

Blei litt frynsete på etablerarkurs 

Som permittert kom Nesheim inn i NAV-systemet og fekk dagpengar. I utgangspunktet skulle ho som arbeidsledig ha følgd opplegget med søking på alle moglege jobbar, men etablering av eiga fotobedrift freista meir. 

- Kontakten min i NAV har vore ein god støttespelar. Eg fekk tilbod om etablerarkurs, og knyta der kontaktar med andre i same båten. Ein blir litt frynsete av å høyre om alt me må ha orden på og planlegge, men god støtte frå likesinna gjorde godt. Fleire av oss heldt saman og bakka kvarandre opp med innspel i etableringsarbeidet, seier Nesheim, som vonar på litt økonomisk stønad frå NAV medan ho etablere seg i marknaden. 

Eit førstehjelpsskrin eller ein koffert med diverse innhald for glede og inspirasjon for såvel nygifte som godt gifte par er mellom tilboda til Monica Nesheim. Foto: Monica Nesheim Studio

- I den samanheng treng eg ei næringsfagleg vurdering, noko eg har vore i samtalar med Medvind Næringshage om. Det var dei som meinte eg burde kontakte Medvind24. Marknadsføring er kanskje den aller største utfordringa i høve til det å starte eiga bedrift. Eg treng øving på å kringkaste tilboda mine, ler gründeren. 

Ho veit ho etablerer seg i eit distrikt som alt har fleire, det ho kallar knallgode fotografar, men trur det er rom for henne òg. Nesheim tilbyr fotografering av nyfødde, konfirmantar, brudepar, born og familiar – utandørs og i studioet ho har heime i Nedre Vats. Dessutan tek ho gjerne prosjektoppdrag for næringslivet. 

Inspirasjon til nygifte og andre par 

Ein spesialitet ho vurderer, og som ho kanskje kan ha fordelen av å vera kvinneleg fotograf for å få kundar til, er boudoir-fotografering. 

- Kor stor marknaden er, skal vera usagt, men eg veit at boudior-bilde er brukt til dømes som morgongåve frå brur til brudgom. Eit vakkert og sensuelt bilde av ho som nett har gitt sitt ja kan vera ei fin overrasking, trur Nesheim. 

Og når morgongåva er foreviga har fotograf Nesheim meir å by på. Kanskje kan ho freiste med eit skrin, eller ein heil koffert, full av ingrediensar og aktuelle piller for det nygifte paret. 

Monica Nesheim vil ta vare på gamle. lokale ord og uttrykk og har laga diverse kort og til/frå-lappar som vert selde på nokre butikkar i kommunen. Kalligrafien står Nesheim sjølv for. Foto: Monica Nesheim Studio

- Ein idé eg fekk då eg sjølv skulle i bryllaup og som eg har gjort til eit eige produkt i bedrifta mi. Og det treng ikkje berre vera til nygifte. Godt gifte kan òg finne glede og inspirasjon i desse gåvene, ler Nesheim. 

Fekk første kunden på Facebook 

Det kortsiktige målet til Nesheim er å få bedrifta opp og gå, på lengre sikt vakse med ein eller fleire tilsette. Og kanskje gjera det betre enn mannen sin, som og har eiga bedrift. 

På kort tid har ho fått seg kundar både frå bygdene i Vindafjord, nabokommunane og heilt frå Stavanger.

- Den første kunden min kom frå Sveio. Eg vart kontakta via Facebook-sida mi, og etter ein "chat" bestemte sveibuen seg for å bruke meg som fotograf. Resultatet må ha vore tilfredsstillande, for kunden spreidde bodskapen og fleire kundar kom til, fortel Nesheim nøgd.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden