Frå administrasjon til betong

Solfrid Vevatne veit at det går an å endre karrierevegen. Sjølv har ho gått frå jobb i administrasjonen i Ølen Betong til å bli betongteknolog.


I den nyaste episoden av podkasten Vindkast møter me Solfrid Vevatne og Terje Aarekol som begge har endra veg etter enda utdanning og som i dag jobbar med noko heilt anna enn tenkt. Medan Solfrid gjekk vegen frå administrasjon til betongfag, tok Terje vegen frå politiyrket til å jobbe som avdelingsleiar for konsulentavdelinga i Omega.

– Det er viktig å prøve ut det ein kunne tenkt seg å jobbe med, men det er ikkje farleg å skifte beite seinare. Erfaringa ein tek med seg er viktig uansett, slår dei begge fast i podkasten som no ligg ute.

Høyr podcasten Vindkast her!

Prøve noko nytt

Solfrid Vevatne har jobba i Ølen Betong i mange år, og veit godt at alt ikkje treng å bli som ein tenkjer når ein startar på utdanning og drøymer om korleis livet skal bli.

– Eg veit ikkje om eg hadde så mange ambisjonar når eg var liten, men når eg gjekk på ungdomsskulen var eg innom tanken på frisør, farmasøyt og flygeledar, så det var litt forskjellig. Det er utruleg mykje å velje i, og eg var redd for å velje feil, fortel ho i podkasten. Etter ferdig vidaregåande gjekk vegen til høgskulen i Stavanger for å studere samfunnsfag med personalansvarledelse. Solfrid valde ei brei utdanning som ho tenkte kunne brukast til mykje. Etter kvart starta opp med lønn og fakturering i eit vikariat i Ølen Betong, og vart verande i bedrifta i Ølensvåg. Men så kom tanken på om det kunne vere kjekt å gjere noko heilt anna.

I ei tidlegare utgåve av internmagasinet til Ølen Betong fortel Solfrid korleis ho etter fem år i administrasjonen slo ein spøk om at ho gjerne ville lære meir om betongteknologi. Spøken vart til alvor, og plutseleg gjekk ho i reseptlære hjå betonggjengen.

– Eg kjente litt på at eg hadde lyst til å lære meir om det eg sat og fakturerte, kva er synk, kva er ein B30? Eg spurte betongguruen vår Otto Aalmo om eg kunne få vere med han og lære meir om sjølve betongen. Det viste seg å vere utruleg gøy, og enda opp med at eg aldri vendte tilbake til faktureringa.

Lærte av dei beste

Otto inspirerte og motiverte Solfrid, med sine 40 år i bransjen har han ein unik kompetanse og brenn for betongfaget. Lærekurva var bratt, men etter kvart kunne ho kalle seg sjølv betong-geek og forstod at dette brann ho skikkeleg for. I dag jobbar Solfrid som betongteknolog, ho finn fram til nye betongoppskrifter, og jobbar stadig med å finne den perfekte betongresepten til eitkvart prosjekt. Sjølv meiner ho og det er viktig at arbeidsplassen er open for at dei tilsette kan endre veg undervegs, og at dei er positive til dei som ynskjer å prøve nye oppgåver.

– Ingen dag er lik, og det er veldig varierte arbeidsoppgåver. Her blir ein aldri utlært, men det er jo spanande at noko som er såpass grått og kjedeleg som betong kan vere så interessant, seier Solfrid og samanliknar jobben som betongteknolog med å bake. Ein må ha rett mengde av dei ulike ingrediensane og vite kva innhald som skal i blandinga for å få det beste resultatet.

Eit blandeverk har kanskje 100 ulike reseptar, så detaljkunnskapen må vere på plass. Solfrid likar godt at ho kan vere med på sikre kundane rett betong til dei ulike rett prosjekta, ho er mykje ute på byggearbeidsplassane og snakkar med dei som brukar betongen, fagleg diskusjon og samhaldet på jobb er viktig for henne. Då ho starta opp som resept-lærling var det få kvinner i bransjen, men også her er det ei utvikling og stadig fleire jenter kjem inn i betongbransjen.

– Det er kjekt å sjå at me blir fleire, sjølv om framleis er eit mannsdominert yrke, slår Solfrid fast.

– Eg hadde i alle fall aldri sett for meg at det var her eg skulle ende opp når eg avslutta utdanninga. Det er viktig at me prøver å gjere bransjen endå meir attraktiv, den kan jo framstå som kjedeleg og grå eigentleg, meiner ho.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden