Fjernstyrer fabrikken

Etter at det blei oppdaga Covid-19 på Nortura i Sandeid er dei tilsette på heimekontor, det kan vere både positive og negative sider med det, ifølgje fabrikksjef i Nortura Sandeid, Britt Randi Stokkevåg.


Namn: Britt Randi Stokkevåg

Bedrift: Nortura Sandeid

Stilling: Fabrikksjef

Kvifor jobbar du frå heimekontor?

Grunnen til at eg jobbar frå heimekontor er for å unngå å bli smitta sjølv, og å unngå at andre blir smitta. Me opplevde nyleg ein smittesituasjon der tre av våre tilsette blei smitta av Covid-19, me køyrer heimekontor heile gjengen i Sandeid nå. 

Me har nett blitt ferdig med ein hektisk periode med slakting av lam og går nå inn i ein periode der me fokuserer på julemat. Heldigvis har me andre fabrikker i Nortura hjelper til med å slakte når det trengs. Når me startar opp skal me vere klare å trø til igjen. 

Kvar jobbar du frå?

Eg jobbar frå eit gamalt gjesterom som er omgjort til eit lite kontor, heime i Etne. 

Korleis er det for deg å utføre arbeidet frå heimekontoret?

Det går heilt fint. Så lenge nettverket er stabilt og eg har det utstyret eg treng. Kommunikasjon er viktig for vår del nå og eg merkar at telefonen, Skype og Teams er viktig og mykje brukt.

Beskriv ein typisk dag på heimekontor

Stå opp tidleg, ete frukost og gå på jobb. Eg syns det er viktig å halde strukturen og stå opp på same tid som eg vanlegvis hadde gjort dersom eg hadde køyrd til kontoret. Det er også viktig å tenke at sjølv om ein er heime så er ein på jobb. Eg har pause til faste tider og likar å bruke den på å ta meg ein liten tur i frisk luft. 

Nå har eg ikkje vore lenge på heimekontor. Eg var på heimekontor litt tidlegare i år, og nå har det vore sidan tysdag 17. november, men kalenderen min er fullpakka med møter og telefonar så eg har absolutt ting å ta tak i sjølv om drifta på Sandeid er stoppa akkurat no

Har du hatt nokre utfordringar med heimekontoret?

Eg har ikkje opplevd noko enda. Med strukturert arbeid og god innsats skal alle klare heimekontor heilt fint trur eg. Eg har også ein gut som er heime frå skule nå, det er berre hyggeleg. 

Dette er berre for ein avgrensa periode og det er viktig at alle er med å bidra på denne dugnaden, dei eventuelle negative sidene må ein berre tola. 

Har du oppdaga nokre fordelar?

Det eg trekkje fram er vel at ein blir sitjande åleine på heimekontor og eg merker at det blir ein meir avslappa haldning og mindre «mas» i kvardagen, sjølv om eg saknar kollegaene mine. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden