Nye Fjellstøl er klar for skisesongen 2018

Nye toppmoderne fasilitetar, varmestove og stadionområde i emning på Fjellstøl. - Det nye anlegget skal bli ein naturleg base for både sommar- og vinteraktivitet, for heile Haugalandet, seier prosjektleiar Lars Olav Larsen.


I det den første snøen fell på Fjellstøl, blir nybygget klargjort for støyping. Går alt etter planen skal nye Fjellstøl ski- og friluftsanlegg stå klart i løpet av vintermånadane neste år. 

- Nye Fjellstøl vil bli eit av dei største, mest moderne og best tilrettelagde fjellanlegg her i regionen. Fjellstøl har alltid vore ein naturleg innfallsport til fjellet for folk frå heile Haugalandet. Og det nye anlegget vil nok lokka til seg endå meir aktivitet og besøkande frå eit stort omland, seier Larsen. 

- Nye Fjellstøl skal ikkje berre vera eit senter for vinteridrett, men eit naturleg sentrum for aktivitet heile året,  seier prosjektleiar Lars Olav Larsen. 


Sentrum for aktivitet heile året 

Om få månadar vil stor varmestove, moderne fasilitetar for sekretariat, garasjar, store garderobar, stadionområde og elles alt eit moderne friluftsanlegg kan tilby, vera ope for publikum og høg aktivitet året rundt. 

Og med ei allereie mykje brukt lysløype og ein godt trafikkert fjellveg til Olalia, ligg alt til rette for at Fjellstøl blir eit travelt sentrum for friluftsentusiastar. 

- Bygget blir viktig for vinteraktiviteten, men skal vera eit heilårsbygg, sentralt for alle tur- og friluftsaktivitetar i området. Dette skal bli ein naturleg innfallsport til fjellet - for alle, heile året. Med stor, ny stadion er området blant anna perfekt utgangspunkt og målområde for blant anna løp, både med og utan ski, seier Larsen. 

Området er også mykje brukt av bubilar, og desse gjestene vil også få eit endå betre tilrettelagt bubilparkering med det nye anlegget som næraste nabo. Ved opning av anlegget til vinteren, vil framleis noko dugnadsarbeid halda fram mot sommaren, då særleg på bygget sin andre etasje. 


Interkommunalt spleiselag for 9 millionar 

Prosjektet har ein prislapp på 9 millionar kroner, og har eit omfattande spleiselag i ryggen, beståande av ei rekkje aktørar med Vindafjord idrettslag og kommunen i spissen. 

- Fleire nabokommunar er også bidragsytarar. Både Tysvær, Sveio, Karmøy og Haugesund går inn med om lag 350 000 kroner kvar. Dette er kommunar som elles ikkje har noko liknande tilbod i sitt nærområde, og som også ser på Fjellstøl som «deira» område. I tillegg bidrar næringslivet; både VAF og Haugesund Sparebank har støtta oss med betydelege midlar, seier Larsen. 

I ti år har han gått med tankar om eit moderne, heilårleg friluftsanlegg på Fjellstøl. Inspirasjonen fekk han på Lillehammer. 

Larsen håpar på meir snø. Og kjem ikkje snøfallet av seg sjølv dei komande åra, har han planar for å ordna det også. 

Har modnast i 10 år

- Eg fekk ideen frå eit større anlegg i OL-byen, men dette er eit omfattande prosjekt for ein kommune som Vindafjord. Det har vore dryg materie å jobba fram, men responsen og velviljen til samarbeid har vore svært god over heile linja og frå alle partar. Det har vore konstruktivt og godt samarbeid med aktuelle ledd i kommunen gjennom alle åra, seier Larsen som nå håpar på ein snørik vinter. 

Og om snøen uteblir i åra som kjem, kan det henda Fjellstøl kan by på ski- og akeføre likevel. 

 Me jobbar med planar om å få til snøproduksjon, men dette er litt lengre fram i tid. Først skal «nye» Fjellstøl på plass.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden