Filter blir Omega Design


Omega AS overtok alle aksjar i Filter Design og kommunikasjon i 2015. Filter har sidan hatt hovudkontor i Medvind-bygget i Ølensvåg. Nyleg flytta kommunikasjonsbedrifta inn i Omega sitt nybygg, og i dag får Filter nytt namn: 

- Omega Design skal framleis levera dei same tenestene til både nåverande og nye kundar, men me vil knyta oss endå tettare opp til morselskapet, seier dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland. 

- Med namneendringa ønskjer me å tydeleggjer kven me er, kva me tilbyr og kva konsern me er del av. Omega er ei kjend merkevare og eit selskap med stor fagleg tyngde på mange område. Det er ein styrke for oss å signalisera overfor marknaden at me er ein del av dette konsernet, seier Hjelmeland. 

Styreleiar i Omega, Sigmund Lunde, meiner Omega Design vil stå sterkare med nytt namn og nye lokalitetar. 

- Dette er eit naturleg steg å ta. Det ligg mykje verdi i å signalisera tilhøyrsla til Omega, eit selskap som har større pondus og musklar til å satsa på ei sterk og framtidsretta utvikling i dotterselskapa sine, seier Lunde. 

Omega Design leverer tenester til eit breitt spekter kundar på Haugalandet og i Ryfylke, inkludert til eigarselskapet Omega. 

- Sjølv om Filter no er blitt Omega Design, vil dei framleis oppretthalda tenestetilbodet sitt til kundar i heile regionen. Ved å flytta inn i Omega-bygget vil dei også komme endå tettare på morselskapet reint fysisk, noko som også kan bidra til endå tettare samarbeid på tvers av selskapa i konsernet, seier Lunde. 

Omega Design tilbyr grafisk design, utvikling av nettsider, magasinproduksjon, marknadsføring via sosiale medium, og kommunikasjonstenester. 

Selskapet har hovudkontor i Ølensvåg, og avdelingskontor på Sand og i Sauda. Omega Design held fram som før med til saman sju årsverk i tillegg til ein lærling og praktikant.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden